Contigo hasta el final

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Contigo hasta el final»
ESC2013 Final opening act 03.JPG
Eurovision Song Contest 2013
Land Spania
Artist(ar) David Feito, Raquel del Rosario og Juan Luis Suárez
Alias ESDM
Språk Spansk og engelsk
Komponist(ar) David Feito, Raquel del Rosario og Juan Luis Suárez
Låtskrivar(ar) [David Feito, Raquel del Rosario og Juan Luis Suárez
Resultat
Semifinalepoeng X
Semifinaleplass X
Finalepoeng 8
Finaleplass 25
Spania i Eurovision Song Contest
«Quédate conmigo»
(2012)
«Contigo hasta el final»

«Contigo hasta el final» (engelsk for Med deg til slutten) var det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på spansk og engelsk av ESDM. Songen er skriven av David Feito, Raquel del Rosario og Juan Luis Suárez, og vart gjeven ut 5. mars 2013. 7. mars 2013 vart songen gjeven ut på albumet Todos tenemos un sueño.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

ESDM vart valdinternt av Corporación de Radio y Televisión Española til å representere Spania i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. «Contigo hasta el final» deltok i den spanske uttakinga El Sueño de Morfeo: Destino Eurovisión, der ESDM framførte alle bidraga. Songen vann finalen og fekk representere Spania.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Spania som er ein del av dei fem store var direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, der landet enda på 25. plass med 8 poeng; seks frå Albania og to frå Italia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 26.- og sisteplass med ei rangering på 22,92 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 26.- og sisteplass med ei rangering på 19,64. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2013) Plassering
Spain Singles (PROMUSICAE)[2] 32
Spain Airplay (PROMUSICAE)[3] 32

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]