Continous wave

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

CW er ei forkorting av engelsk continuous wave som eigentleg berre tyder berebølgje. Denne berebølgja har ein konstant frekvens og er nesten alltid i reint sinusformat. Grunnen til at denne berebølgja kan brukast til samband, er at ho kan slåast på og av, og på denne måten danna eit signal som kan tydast av ein mottakar. Dette er framleis den enklaste og ofte sikraste forma for samband over radio, lys eller straumkabel mellom to punkt. Den mest vanlege kodesystemet ein bruker er morsekode. Innan militært samband og amatørradio bruker ein uttrykket «CW» og samband som nyttar morsekode om kvarandre sjølv, om det er stor skilnad mellem desse omgrepa.