Convair CV-240-familien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Convair 240 var eit passasjerfly produsert av Convair mellom 1947 og 1956. Flyet vart utvikla på grunnlag av ein førespurnad frå American Airlines om å laga eit passasjerfly med trykkabin til å erstatta det klassiske Douglas DC-3.

Convairs originale utkast var designa med to motorar og 40 sete, noko som òg er forklaringa på at flyet har nemninga CV-240. Den første prototypen flaug 16. mars 1947, og den første produksjonsmodellen vart levert til American Airlines den 28. februar 1948. 75 fly vart levert til dette selskapet og 50 vart levert til Western Airlines, Continental Airlines, Pan American World Airways, KLM og Trans-Australia Airlines. Convair 240 var òg det første private flyet som vart brukt i ein amerikansk presidentkampanje. I 1960 brukte John F. Kennedy ein CV-240 med kallenavn «Caroline» i sin første valkamp. Flyet er verna og utstilt ved National Air and Space Museum.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Convair CV-340 frå KLM landar i Manchester Airport, Ringway i 1954
Convair CV-440 «Metropolitan» frå Lufthansa på København lufthamn, Kastrup i 1968
Convair CV-580 frå Pionairs australske operatør. Dette flyet er konvertert frå ein CV-340
Convair CV-640F fraktfly frå Kitty Hawk Aircargo konvertert med Rolls-Royce Dart turboprop motorar

Sivile variantar[endre | endre wikiteksten]

Convair Model 110

Convair Model 110 er modelbetegnelsen på ein prototype utan trykkabin med seter for 30 passasjerar. Vengespennet var på 89 fot (27,13 meter) og lengda var på 71 fot (21,64 meter). Maskina hadde to motorar på 2 100 hk (1,567 kW) av typen Pratt & Whitney R-2800-SC13G. Berre eitt eksemplar vart bygd.

Convair CV-240

Convair CV-240 er den første produksjonsversjonen den var utstyrd med to motorar av typen Pratt & Whitney R-2800.

Convair CV-240-21 Turboliner

Convair CV-240-21 Turboliner er ein version konvertert til turboprop med Allison T38 motorar. Den vart den første turboprop som flaug i USA (den 29. desember 1950), men problem med motorane resulterte i at utviklinga vart avslutta og prototypen vart konvertert tilbake til stempelmotor.

Convair CV-300

Convair CV-300 er ein ombygget Convair CV-240 med to motorar av typen R-2800 CB-17 og naceller tilsvarande dei brukt i CV-340.[1] Ein CV-300 var involvert i ei ulukke som drap tre medlemmar og manageren til rockebandet Lynyrd Skynyrd.[2]

Convair CV-340

Convair CV-340 vart bygd for United Airlines og vart òg nytta av KLM. Maskina var i all hovudsak ein CV-240 som var forlengt slik at det vart plass til fire sete meir. Vengespennet vart òg auka for å betra yting i større høgder. United erstatta DC-3 maskiner med CV-340. Dei hadde 52 CV-340 på vingane i 16 år utan ei fatal ulukke. KLM nytta flytypen frå våren 1953 inntil midt i 1963. Mange CV-340 flymaskiner vart konvertert til CV-440 standarden.

Convair CV-440 Metropolitan

Convair CV-440 Metropolitan er ein CV-340 med forbetra lyddempning og høve for værradar. Maksimum vekt auka til 49 700 pund. Det var høve til å auka frå 44 til 52 passasjerar ved å erstatta området for kabinbaggasje med to fleire rader av seter, kjent att ved å ha eit ekstra kabinvindauge. Denne varianten vart implementert for fleire flyselskap som Lufthansa og Scandinavian Airlines System. Finnair brukte denne flytypen frå 1953 til 1980 utan ein einaste ulukke.

Convair CV-540

Convair CV-540 er ein ombygning frå ein Convair CV-340 til å ha to Napier Eland turboprop motorar i staden for stempelmotorar. Seks flymaskiner vart konvertert av Napier & Son for Allegheny Airlines. Kostnaden for ombygningen var GBP 160 000 per flymaskin. 12 stykk vart bygd av Canadair for RCAF som CC-109 i 1960 for GBP 436 000 per flymaskin. Første flight var 9. februar 1955.

Convair CV-580

Convair CV-580 er ein ombygning frå Convair CV-340 eller CV-440 flymaskiner til å ha to Allison 501 D13D/H turboprop motorar med firebladers propellar i staden for stempelmotorane med trebladers propellar, ein større vertikal halefinne og modifiserte horisontale stabilisatorar. Ombygningen vart utført av Pacific Airmotive på oppdrag frå Allison Engine Company. Kostnaden for konverteringen var rundt GBP 175 000 per flymaskin og tok 60 dagar. Partnair-ulukka i 1989 var ein CV-580.

Convair CV-600

Convair CV-600 er ein ombygning av ein Convair CV-240 flymaskin til å ha Rolls-Royce Dart turboprop motorar med firebladers propellerer i staden for stempelmotorar med trebalders propellerer. CV-600 ombygninger vart utført av Convair. CV-600 flaug første gong for Central Airlines den 30. november 1965. CV-600 flymaskinen som flaug for Air Metro Airways var konfigurert til å ha 40 passasjerar ombord. I 2012 vart den siste Convair CV-600 (Rhoades Aviation) teke ut av teneste.[3]

Convair CV-640

Convair CV-640 er ei oppgradering av ein Convair CV-340 eller CV-440 med Rolls-Royce Dart turboprop motorar med firebladers propellerer i staden for stempelmotorar med trebladers propellerer. CV-600 ombygninger vart utført av Convair. I 2012 var totalt sju Convair CV-640 flymaskiner enno i teneste hos flyselskap, ein hos Rhoades Aviation og seks hos C&M Airways.

Convair CV 5800

Convair CV 5800 er ein ombygning av ein C-131 Samaritan av Kelowna Flightcraft Ltd. i Canada. CV 5800 er ein C-131 Samaritan strekt med 14 fot 3 tommar med Samaritanen sin opphavlege haleeininga i staden for den større halen nytta til CV-580. Disse ombygningene fekk òg nye lukar for frakt, digital flyelektronikk med EFIS og Allison 501-D22 motorar i staden for dei originale R-2800 motorane.

Convair C-131 Samaritan er ei nemning nytta av United States Air Force for flymaskiner av typane CV-240/340/440. Maskinene vart nytta til medical evacuation og VIP under denne designasjonen.

Operatørar[endre | endre wikiteksten]

Sivile operatørar[endre | endre wikiteksten]

KLM Convair CV-240
A Convair CV-580 fraktfly frå IFL Group
Ein Nolinor Convair CV-580 landar på Vancouver International Airport
Ein Air Chathams Convair CV-580 på Tuuta lufthamn på Chathamøyene i september 2003
To North Central CV-580 på Chicago lufthamn i 1973.

Brukarar av Convair i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fleire heilt eller delvis norske flyselskap har nytta flymaskiner i Convair CV-240-familien. Millom desse kan nemnast Mey-Air som hadde CV-240-maskiner, Fred. Olsen Flyselskap som hadde CV-340-maskiner, Nor-Fly Charter som hadde CV-440-maskiner, Partnair som hadde CV-580-maskiner kor ein forulykket, Polaris Air Transport som hadde CV-240-maskiner, Scandinavian Airlines System som hadde CV-440-maskiner og Stellar Air Freighter som hadde CV-440-maskiner.

Av dei 20 SAS-flyene var følgjande fem registrert i Norges luftfartøyregister:

  • LN-KLB Ivar Viking
  • LN-KLD Ragnar Viking
  • LN-KLE Snorre Viking
  • LN-KLF Birger Viking
  • LN-KLG Sigurd Viking

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Convair-Liner History.
  2. Aviation Safety Network.
  3. Flight International

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]