Conyers Herring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Conyers Herring
Conyers Herring.jpg
Fødd15. november 1914
Scotia
Død23. juli 2009
Palo Alto
NasjonalitetUSA
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarStanford University
Alma materPrinceton University
DoktorgradsrettleiarEugene Wigner
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

William Conyers Herring (15. november 191423. juli 2009) var ein amerikansk fysikar.

Han arbeidde ved Columbia University frå 1941 til 1945 og var professor i bruksmatematikk ved University of Texas i 1946. Frå 1946 til 1978 tilknytt Bell Telephone Laboratories og frå 1978 professor ved Stanford University.

Herring er kjent for ei rekkje teoretiske arbeid innan faststoff-fysikk, spesielt innan halvleiarfysikken, mellom anna for studiet av korleis konduktansen i krystall er avhengig av retning, av termoelektrisitet og av elastiske bølgjer og energien som blir transportert av desse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]