Cool Water av Bob Nolan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Cool Water»
Låtskrivar Bob Nolan
Skriven 1936

«Cool Water» er ein song skriven i 1936 av Bob Nolan. Songen handlar om ein mann og muldyret hans, Dan, og ei luftspegling i ørkenen. Medlemmar av Western Writers of America plasserte han på tredjeplassen på lista over dei 100 beste Western-songane gjennom tidene.[1]

Originalversjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt inn av The Sons of the Pioneers 27. mars 1941 for Decca Records (nr. 5939)[2] og var ei kort stund inne på hitlista i 1941 då han nådde ein 25. plass.[3] Den mest populære versjonen vart spelt inn av Vaughn Monroe og The Sons of the Pioneers i 1948. Denne innspelinga kom ut på RCA Victor. Innspelinga låg 13 veker inne på Billboard-listafrå og med 6. august 1948 og nådde niandeplassen.[4]

Bruk i film[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Hank Williams spelte inn songen i 1948 eller 1949 for The Johnny Fair Syrup Company radioshow på KWKH i Shreveport i Louisiana. Innspelinga finst på The Complete Hank Williams, som kom ut i 1998.

Bing Crosby og The Andrews Sisters spelte inn songen den 5. september 1952 med Matty Matlock and His Orchestra.[5]

Frankie Laine og The Mellomen tok songen til andreplassen på den britiske singellista i 1955.

Marty Robbins spelte inn songen i 1959 på albumet hans Gunfighter Ballads and Trail Songs.

Burl Ives spelte denne songen i 1961 på albumet hans Songs of the West.

Odetta spelte inn songen in 1963 på albumet hennar One Grain of Sand.

The Rooftop Singers spelte inn songen i 1963 på det Grammy-nominerte albumet deira Walk Right In.

Tom Jones spelte ein versjon av songen i 1967 på albumet hans Green, Green Grass of Home.

Andre versjonar av songen er spelte av Riders in the Sky, Jack Scott, Ramblin' Jack Elliott, Slim Whitman, Lorne Greene, Johnnie Ray, Mason Williams, Johnny Cash, The Replacements, Leo Kottke og Joni Mitchell blant fleire.

Fleetwood Mac spelte inn ein versjon for albumet deira Mirage, og denne kom med som eit løynd spor etter den siste songen «Wish You Were Here».

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Frankie Laine-versjonen
Liste (1955) Plassering
Storbritannia (NME) 2[6]
Storbritannia (Record Mirror) 1[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Western Writers of America (2010). «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Arkivert frå originalen 13. juli 2021. 
  2. «The Online Discographical Project». 78discography.com. Henta 13. juli 2021. 
  3. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 400. ISBN 0-89820-083-0. 
  4. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  5. «A Bing Crosby Diskografi». BING magazine. International Club Crosby. Henta 13. juli 2021. 
  6. «Artist Chart History Details: Frankie Laine». The Official Charts Company. Henta 4. august 2010. 
  7. McAleer, Dave. «Every No.1 in the 1960-åra is listed from all the nine different magazine charts!». Dave McAleer's website. Arkivert frå originalen 10. mai 2011. Henta 4. november 2010.