Cooperøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cooper Island)
Cooperøya
øy
Søraustenden av Sør-Georgia med Cooperøya
Land  Storbritannia
Øygruppe Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Del av Sør-Georgia
Høgd 410 moh.
Koordinatar 54°48′S 35°47′W / 54.800°S 35.783°W / -54.800; -35.783
Lengd km
Areal km²
Folketal 0
Kart
Cooperøya
54°48′00″S 35°47′00″W / 54.8°S 35.7833°W / -54.8; -35.7833
Cooperøya is located in Antarktis
Cooperøya (Antarktis)

Cooperøya er ei lita øy som ligg ved nordsida av innløpet til Drygalskifjorden, utanfor søraustenden av Sør-Georgia. Ho vart oppdaga av ein britisk ekspedisjon under James Cook i 1775, og kalla opp etter løytnant Robert Palliser Cooper, ein offiser ombord på HMS «Resolution».

Coopersundet, som er nesten 1,5 km breitt, ligg mellom Cooperøya og kysten av hovudøya i Sør-Georgia. Det ligg ei lita bukt, Cooper Bay, 1,5 km sørvest for Cape Vahsel på fastlandet, og 1,5 km nordvest for Cooperøya, på søraustenden av Sør-Georgia. Denne bukta har fått namn etter Cooperøya.

Øya er 410 meter høg på det høgaste og den øvre delen av ho ligg over snøgrensa.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ho er ei av dei få øyane i Sør-Georgia der det ikkje er kome rotter og er det einaste området i Sør-Georgia som har status som Special Protection Area, med mange forskjellige fugleartar som snøpetrellar, antarktiskvalfuglar, 12 000 par svartbrynalbatross, ringpingvinar og 20 000 gulltoppingvinar. Her finst òg mykje pelssel og er ein av få stader der dei ikkje vart jakta på av menneske.

Øya er dekt av grastustar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]