Copacabana av Barry Manilow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Copacabana (At the Copa)
Singel av Barry Manilow
frå albumet Even Now
B-side

«Copacabana» (Short version)

Språk engelsk
Utgjeve 1978
Sjanger Disco
Lengd 3:48 (kortversjon)
5:40 (langversjon)
Selskap Arista
Komponist Barry Manilow
Tekstforfattar Bruce Sussman, Jack Feldman
Låtskrivar(ar) Barry Manilow, Jack Feldman, Bruce Sussman
Produsent Barry Manilow, Ron Dante
Barry Manilow-kronologi 
«Even Now»
(1978)
Copacabana (At the Copa) «Ready to Take a Chance Again»
(1978)


«Copacabana», òg kjend som «Copacabana (At the Copa)» er ein song frå 1978 sungen av Barry Manilow og skriven av Manilow, Jack Feldman og Bruce Sussman.

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Songen var inspirert av ein samtale mellom Manilow og Sussman ved Copacabana Hotel i Rio de Janeiro, då dei diskuterte om det nokon gong hadde eksistert ein song som heitte «Copacabana». Etter å ha kome attende til USA foreslo Manilow — som i 1960-åra ofte hadde vitja Copacabana nattklubb i New York City — for Sussman og Feldman å skrive tekstar til ei song for han. Dei gjorde å og Manilow skreiv musikken.[1]

Teksten i songen syner til den kjende nattklubben, Copacabana: «at the Copa, Copacabana, the hottest spot north of Havana». Byrjinga er sett til seint i 1940-åra og fortel soga om Lola, ei sparkepike, og kjærasten hennar Tony, ein bartender ved klubben som ho «mistar» på uklårt (og truleg tilsikta) vis, då Rico, ein mafiaboss syner interesse for Lola, bed ho over til bordet sitt (truleg for å forføre ho). Som svar prøver Lola og verne ho frå Rico, og i kampen som følgjer skyt ein av dei tre ein annan. Slutten er sett til tretti år seinare, seint i 1970-åra (truleg 1978, då songen vart skriven), då klubben hadde vorte omgjort til ein disco. Lola har vorte gammal og er einsam, og lengtar etter den Tony, den tapte kjærleiken hennar.

Musikken vart nytta i filmen Foul Play i 1978 med Chevy Chase og Goldie Hawn, og har sidan vorte nytta i mange filmar. Singelversjonen er litt over fire minuttar lang, medan ein lengre versjon, kalla «Copacabana (At The Copa) (Disco)», er opp under seks minuttar lang.

Singel nådde åttandeplassen på Billboard-lista i USA og 42. plass i Storbritannia. Songen var den første gullplata til Manilow som han hadde skrive og gjeve ut sjølv.[2] I tillegg gav teksten til «Copacabana» Manilow hans første og einaste Grammy Award for manleg popvokalist i februar 1979.[3]

Manilow gav ut ein spansk versjon kalla «Copacabana (En El Copa)» kort tid etter den engelske versjonen kom ut. Denne var populær i latinske land. Ein remix av den originale engelske versjonen, kalla «Copacabana (The 1993 Remix)» nåded 22. plass på UK Singles Chart i 1993.

I 1985 omgjorde Manilow i lag med Bruce Sussman og Jack Feldman songen til ein full musikal for fjernsyn, òg kalla Copacabana, med fleire songar og ei handling som følgjer teksten i originalsongen. Filmversjonen vart vidare utvida av Manilow, Feldman og Sussman til ein musikal i to akter som gjekk på Prince of Wales Theatre i West End i London i to år, før han la ut på ein lengre turn i Storbritannia. Ein amerikansk produksjon turnerte kring USA i over eitt år. Sidan har over 200 produksjonar av showet vorte sett opp verda over.

Amanda Lear-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Copacabana
Singel av Amanda Lear
frå albumet Forever Glam!
B-side

«Do U Wanna See It?»

Språk engelsk
Utgjeve 2005
Sjanger Pop
Lengd 4:17 (album)
3:26 (singel)
Selskap Dance Street/ZYX Music
Komponist Barry Manilow
Tekstforfattar Bruce Sussman, Jack Feldman
Amanda Lear-kronologi 
«Paris by Night»
(2005)
Copacabana «Someone Else's Eyes»
(2009)


Den franske songaren Amanda Lear spelte inn ei tolking av «Copacabana» i 2005 og denne vart gjeve ut som singel.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre James Last, Paul de Leeuw, DJ Hell, Kylie Minogue, John Barrowman, The Vandals og Matteo Brancaleoni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mickey Podell-Raber and Charles Pignone, The Copa: Jules Podell and the Hottest Club North of Havana, HarperCollins, 2009, s.199
  2. «Copacabana (At The Copa)». Songfacts.com.  More than one of |nettstad= og |work= specified (hjelp); |access-date= requires |url= (hjelp)
  3. `1979 Grammy Award Nominations and Awards

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]