Copernicus-programmet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo

Copernicus er namnet på eit felles program mellom EU og ESA for å bygge opp ein europeisk kapasitet for å overvake jorda. Prosjektet var tidlegare kalla GMES eller Global Monitoring for Environment and Security. Prosjektet har fått namnet sitt etter atronomen Nikolaus Kopernikus. Copernicus vil bestå av mange ulike observasjonsplattformar både in situ målingar og satellittar. Prosjektet starta opp i 1998 og skal vere operativt frå 2014

Styresmaktene i dei ulike landa vil vere den viktigaste brukargruppa for systemet. Systemet vil gje kunnskap om klimaendringar og miljøtilstand. Copernicus er det europeiske bidraget inn i Global Earth Observation System of Systems (GEOSS)

Copernicus bygger på fire pilarar:

  • ein romkomponent med satellittar som observerer landjorda, atmosfæra og hava. Dette pilaren vil i hovudsak utnytte Sentinel satellittane. den første sentinellsatellitten skal skytast opp i 2013
  • in situ målingar som er landbasert eller flybasert. Desse vil delvis komplimentere satellittmålingane og delvis nyttast til å kalibrere satellittane
  • dataharmonisering mellom ulike system og
  • tenester til brukarane

Copernicus skal gje informasjon innanfor seks ulike tematiske område, maritimt, land, atmosfære, kriser, tryggleik og klimaendringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]