Cor Lemaire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cor Lemaire

Fødd11. juni 1908
Død16. juni 1981 (73 år)
OpphavKongeriket Nederlanda
Instrumentpiano
Verka somdirigent, komponist, pianist
PrisarGouden Harp

Cornelis Johannes Lemaire (11. juni 190816. juni 1981), kjend som Cor Lemaire, var ein nederlandsk pianist, dirigent og komponist. Han er best kjend for sitt samarbeid med Wim Kan og Annie M.G. Schmidt.

Lemaire kom frå ein kunstnarisk familie. Foreldra hans var Jan Lemaire sr. og Anna Anken, og bror hans var skodespelaren Jan Lemaire jr..

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Nationaal Songfestival 1956[endre | endre wikiteksten]

Lemaire deltok som låtskrivar i Nationaal Songfestival 1956, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956, med to bidrag; «De vogels van Holland» og «De telefoon», båe framført av Jetty Paerl. «De vogels van Holland» enda på andreplass med 1530 poeng, men sidan kvart land deltok med to bidrag kvar fekk båe vinnaren og andreplassen representere Nederland. «De telefoon» enda på sjetteplass med 438 poeng.

Eurovision Song Contest 1956[endre | endre wikiteksten]

Nederland deltok i Eurovision Song Contest 1956 i Ligano i Sveits med «Voorgoed» og «De vogels von Holland», der Lemaire hadde skrive sistnemnde. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjend kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystgjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]