Corazon Aquino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Corazon Aquino
Corazon Aquino 1986.jpg
Fødd 25. januar 1933
Paniqui
Død

1. august 2009
Makati

Corazon Aquino på Commons

Maria Corazon Aquino, fødd Maria Corazon Cojuangco, (25. januar 19331. august 2009) ofte berre Cory Aquino, var ein filippinsk statsleiar. Ho var i tida 1986-92 den 11. presidenten av Filippinane, den fyrste kvinnelege presidenten i landet og i Asia. Aquino var den sentrale figuren i folkeopprøret som i 1986 velta 21 år med autoritært Marcos-styre, og gjeninnførte eit demokratisk styresett i Filippinane.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Corazon Aquino var fødd inn ei av dei rikaste familiane på Filippinane. Ho var gift med senator Benigno Aquino, den mest standhaftige kritikaren av den mangeårige presidenten i landet, Ferdinand Marcos. Etter ektemaken vart drepen 21. august 1983, straks han kom til Filippinane frå eit eksil i USA, vart Corazon Aquino leiar for opposisjonen. Ved presidentvalet 7. februar 1986 stilte ho som kandidat mot Marcos. Då nasjonalforsamlinga proklamerte Marcos som vinnar av valet, midt mellom påstandar om valfusk, oppmoda Aquino om massiv sivil ulydnad. Store demonstrasjonar i slutten av februar, og manglande støtte frå dei militære og det lokale katolske hierarkiet, førte til at Marcos rømde landet.

Aquino vart utropt til president den 25. februar 1986. Året etter vart grunnlova av 1987 vedteke, ei lov som avgrensa president-makta og gjeninnførte tokammer-forsamlinga i Filippinane. Regjeringa hennar la elles vekt på å styrke både borgar- og menneskerettar. I 1988 stod regjeringa bak lovreformer i landbruket, eit tiltak som mellom anna skulle gje fleire tilgjenge på dyrkbart land. Den økonomiske politikken var basert på marknadsorientering. Ho innleia elles fredssamtaler for å løyse opp det vedvarande kommunistiske opprøret og å stagge dei islamistiske frigjeringsrørslene.

Aquino-regjeringa vart utsett for fleire kuppforsøk, sett i stand av Marcos-lojalistar i det militære. Ulike naturkatastrofar og ei stort skipsforlis sette sitt preg på åra 1991 og -92. Saman med sterke rivningar i regjeringa, leidde dette til at Aquino ikkje stilte til attval i 1992. Ho støtta derimot opp om kandidaturet til han som vart vald til ny president i Filippinane, Filip Ramos.

Etter presidenttida var Aquino ein politisk aktør ved å kommentere nasjonale samfunnsspørmål frå ein frittståande posisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]