Corcovadofjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corcovadofjorden
fjord
Omtrent halvvegs inn i fjorden reiser Corcovado-vulkanen seg mot 2300 moh. på fastlandet i aust
Land  Chile
Kart
Corcovadofjorden
43°22′00″S 73°21′13″W / 43.366666666667°S 73.353611111111°W / -43.366666666667; -73.353611111111

Corcovadofjorden eller Corcovadobukta (spansk: Golfo Corcovado]) er eit delvis innelukka havområde mellom den chilenske øya Chiloé i vest og fastlandet i aust, begge sider i Los Lagos-regionen i Chile. Fjorden går i nord-sør retning i ei tilnærma rektangulær form med i ei lengd på ca. 90 km, (50 nm) og ei breidde på ca. 46 km. I sør grensar Corcovado-fjorden mot Boca del Guafo, eit breitt sund eller havområde som leier ut mot Stillehavet. I nord grensar han mot Ancudfjorden, der Corcovado-fjorden snevrar inn til Apiaosundet, ca. 10 km brei mellom austlege Chiloé-øyane og Desertoresøyane.

Corcovado-fjorden utgjer ein del av skipsleia frå Stillehavet i sør inn mot den sentrale havbukta Seno de Reloncavi (Reloncavibukta) i Los Lagos med regionhovudstaden Puerto Montt.

Ei nordleg og kortare lei frå Stillehavet til Seno de Reloncavi går gjennom den 2,2-5 km breie Chacaokanalen nord for Chiloé-øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Corcovadofjorden