Cordillera de la Costa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°S 71°W
Cordillera de la Costa
Dei chilenske kystfjella
fjellkjede
Oncolvista.jpg
Utsyn frå Cerro Oncol
Land Flag of Chile.svg Chile
Høgd 3 114 moh.
Koordinatar 33°S 71°W
Høgaste punkt Cerro Vicuña Mackenna
Lengd 3 100 km, nord-sør
Den austlege grensa til Kystfjella er markert med gult. Uvisse grenser er stipla.
Den austlege grensa til Kystfjella er markert med gult. Uvisse grenser er stipla.
Wikimedia Commons: Cordillera de la Costa (Chile)

Cordillera de la Costa, dei chilenske kystfjella, er ei fjellkjede som går frå nord til sør langs Stillehavskysten, parallelt til Andesfjella frå Morro de Arica i nord til Taitao Peninsula, der han endar ved Det chilenske trippelpunktet, i sør. Fjellkjeda har stor innverknad på klimaet i Chile sidan ho skapar ein regnskugge i aust. På grunn av dette er det langt meir frodig vegetasjon på sjøsida enn på andre sida. Samanlikna med dei lågtliggande kystområda og Valle Central er området tynt folkesett og varierer frå verneområde til beitemark og skogbruk. Fjellkjeda dekkjer alle dei chilenske regionane utanom Coquimbo-regionen og Magallanes-regionen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Som Andesfjella vert kystfjella stadig lågare på høgare breiddegrader. Fjellkjeda startar ved Morro de Arica i nord og når det høgaste punktet sitt på 3114 meter over havet i Sierra Vicuña Mackenna i Antofagasta-regionen. Region. Mellom elvene Copiapó og Aconcaguaelva i den såkalla Norte Chico-regionen, går fjellkjeda saman med Andes. Like nord for Santiago deler fjellkjeda seg frå Andes, men kjem nær at igjen nær Paine, ein forstad sør for Santiago, og San Fernando. Frå Santiago og sørover vert fjellkjeda lågare fram til ho når elva Bío-Bío, og på andre sida dukkar Cordillera de Nahuelbuta opp med høgder på kring 1500 meter over havet i sentrale område. Sør for Nahuelbuta-fjella, i Araucanía-regionen, vert kystfjella erstatta av flate sletter. Sør for Tolténelva stig fjellkjeda igjen som Cordillera de Mahuidanchi. Bortom høgdene i Corral endrar denne fjellkjeda seg til Cordillera Pelada. Frå Chacaokanalen og sørover dannar sjøen øyar og halvøyar i fjellkjeda. øya Chiloé, den største av desse, har to fjellkjeder: Piuchénfjella frå Chacaokanalen til Cucaosjøen og Pirulilfjella i sørlege halvdelen. Sør for Chiloé dannar dei delane av fjellkjeda som stikk opp av sjøen Guaitecas og Chonosøyane. Den sørlegaste delen av fjellkjeda formar Taitaohalvøya og Tres Montes.

Fjellkjeda kan delast inn i fleire mindre fjellkjeder. Somme av desse fjella og grensene deira er:

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjeda har ikkje noko enkel strukturell eller litologisk opphav, men er eit resultat horst, forlandsbekken og opphopningskiler langs kysten av Chile. Fjellkjeda vart skild frå Andes då desse steig i tertiærtida på grunn av subsidens i Valle Central.

Fjellkjeda består av forskjellige litologiske einingar. Frå Valparaíso-regionen til Lanalhueforkastinga består grunnfjellet hovudsakleg av granittar frå karbon og perm. Desse vulkanske bergartane var ein gong ein del av det proto-andinske vulkanbeltet. Sør for Lanalhueforkastinga er fjellkjeda hovudsakleg ei opphopingskile danna langs subduksjonssonen langs vestkysten av Sør-Amerika sidan minst paleozoikum. Frå Lanalhue til Pirulilfjella er fjellkjeda dominert av metamorfe bergartar som skifer. Dei analoge granittane i nordlege delar av kystfjella ligg i Andesfjella på desse breiddegradene.

Under miocen var det fleire vulkanar i delar av kystfjella, men det har ikkje vore vulkansk aktivitet her i nyare tid.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]