Cornell Gunter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornell Gunter
Fødd14. november 1936(1936-11-14)
FødestadCoffeyville i Kansas
Død26. februar 1990 (53 år)
DødsstadLas Vegas, Nevada
FødenamnCornelius E. Gunter
OpphavUSA
Instrumentvokal
Tilknytte artistarThe Coasters, The Platters, The Flairs
PlateselskapChallenge
Verka somsongar

Cornell Gunter (14. november 193626. februar 1990) var ein USA-amerikansk rhythm and blues-songar som var mest aktiv i 1950- og 1960-åra. Han var fødd i Coffeyville i Kansas, og døydde i Las Vegas i Nevada, etter å ha blitt skoten i bilen sin. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1987 som medlem av The Coasters.

Biography[endre | endre wikiteksten]

Gunter var originalt medlem i The Platters.[1] Han hadde spelt inn musikk med bandet og sunge korvokal på Big Jay McNeely-songen«Nervous Man Nervous» på Federal Records i 1953.[2] Gunter var òg medlem av The Flairs og The Coasters. Tittelsongen frå Susan Oliver-filmen The Green Eyed Blonde frå 1957, var sungen av Gunter. Will «Dub» Jones og Gunter vart med i The Coasters som ertattarar for Bobby Nunn og Leon Hughes tidleg i 1958.[3] Etter Gunter slutta i The Coasters turnerte han med Dinah Washington. I 1963 danna han i eiga Coasters-gruppe, og dei vart vanlegvis kalla «The Fabulous Coasters».[4] Gunter gav ut fleire solosinglar seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, mellom anna ein versjon av Sam Cooke sin «You Send Me» på Dot Records i 1957.

I 1987 vart han innlemma i Rock And Roll Hall Of Fame i lag med resten av The Coasters.

Syster til Cornell, Shirley Gunter, spelte òg med The Flairs og The Queens, i tillegg til å ha ein solokarriere seint i 1950- og tidleg i 1960-åra.

Gunter var i ferd med å gjere eit comeback, då han vart skoten i bilen sin i Las Vegas den 26. februar 1990.[5]

Diskografiar[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «True Love» / «Peek, Peek-A-Boo» (Loma #701) (1955) (som The Ermines)
  • «You Broke My Heart» / «Pretty Baby I’m Used To You Now» (Loma #703) (1956) (med The Ermines)
  • «Keep Me Alive» / «Muchacha, Muchacha» (Loma #704) (1956) (med The Ermines)
  • «I'm Sad» / «One Thing For Me» (Loma #705) (1956) (med The Ermines)
  • «She Loves To Rock» / «In Self Defense» (ABC Paramount #9698) (1956) (with The Flairs)
  • «You Send Me» / «Call Me A Fool» (Dot #15654) (1957)
  • «Baby Come Home» / «I Want You Madly» (Eagle #301) (1957)
  • «If We Should Meet Again» / «Neighborhood Dance» (Liberty #55096) (1957) (som Cornel Gunter)
  • «Lift Me Up Angel» / «Rope Of Sand» (Warner Brothers #5266) (1962)
  • «It Ain't No Use» / «In A Dream Of Love» (Warner Brothers #5292) (1962)
  • «If I Had The Key To Your Heart» / "Wishful Thinking (Challenge #59281) (1965) (som Cornell Gunter and The Cornells)
  • «Love In My Heart» / «Down In Mexico» (Together #101) (1976)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 55. CN 5585. 
  2. Steve Propes, & Galen Gart (2001). L.A. R&B Vocal Groups 1945-1965. Milford, NH: Big Nickel Publications. s. 128. ISBN 0-936433-18-3. 
  3. Steve Propes, & Galen Gart (2001). L.A. R&B Vocal Groups 1945-1965. Milford, NH: Big Nickel Publications. s. 135. ISBN 0-936433-18-3. 
  4. Millar, Bill (1974). The Coasters. London, England: Star Books. s. 178. ISBN 0-352-30020-5. 
  5. «Gunshot Page in Fuller Up, Dead Musician Directory». Elvispelvis.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 14. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]