Cornwall Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°20′33.4″S 59°42′32.4″W
Cornwall Island
øy
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°20′33.4″S 59°42′32.4″W
Areal 15 ha
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Cornwall Island is located in Antarktis
Cornwall Island (Antarktis)

Cornwall Island er ei låg isfri øy utanfor nordkysten av Robert Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho har eit areal på 15 hektar.[1] Mónica Rock (62°20′28.4″S 59°44′27″W) ligg 1,65 km vest for øya. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå nærliggande Clothier Harbour.

Topografisk kart over Livingston, Greenwich, Robert, Snow og Smith-øyane.

Øya vart namngjeven i 1935 av Discovery Investigations etter Cornwall House, der Admiralty Hydrographic Office heldt til på denne tida. Mónica Rock vart kartlagd i 1949-50 av Den chilenske antarktisekspedisjonen og kalla opp etter den eldste dottera til løytnant Venturini, eit ekspedisjonsmedlem.

Cornwall Island ligg 2,8 km nordaust for Fort William på Robert Island, 4,2 km aust for Table Island, 920 meter sør-sørvest for Rogozen Island og 2,64 km vest for Hammer Point på Robert Island.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]