Cornwallisøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornwallisøya
øy
Land  Canada
Del av Elisabetøyane
Areal 6 995 km²
Folketal 299
Kart
Cornwallisøya
75°05′00″N 95°00′00″W / 75.083333333333°N 95°W / 75.083333333333; -95
Wikimedia Commons: Cornwallis Island
Kart over Cornwallisøya og nærområda

Cornwallisøya er ei øy i Qikiqtaaluk-regionen i Nunavut i det kanadiske Arktis. Ho har eit flatemål på 6 995 km2 og er opptil 110 km lang. Øya, som er ei av Elisabetøyane, ligg vest for Devonøya på i kring 75° nord og 95° vest. Cornwallisøya er skild frå Devonøya av Wellingtonkanalen, og frå Somersetøya i sør av Parrykanalen. Nordvest for Cornwallisøya ligg den Vesle Cornwallisøya, den største i ei gruppe av små øyar ved nordenden av McDougallsundet, som skil Cornwallisøya frå den nærliggande Bathurstøya.

Landsbyen Resolute (Qausuittuq), som ligg sør på øya, er det nest nordlegaste landsbysamfunnet i Canada. Flyplassen ved Resolute fungerer som knutepunkt for samferdsla til og frå øyane i det sentrale Nunavut. Ti kilometer ut for sørvestkysten, tvert over for Resolute, ligg Griffithøya, skild frå Cornwallisøya av Resolute-passasjen.[1]

Cornwallisøya vart oppdaga av William Parry i 1819 og vart oppkalla etter ein admiral i den britiske marinen.

Cornwallisøya er kjend for sine bestandar av hypolittar, mikrobiologiske vesen som held til under steinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pharand, Donat; Legault, L.H. (1984). The Northwest Passage: Arctic Straits. Martinus Nijhoff Publishers. s. 7. ISBN 9024729793.