Corobicí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Corobicí er eit utdøydd chibchansk språk. Det vart snakka langs den austlege kysten av Nicoyagolfen, nordvest i Costa Rica. Språket er sannsynlegvis nært beslekta med maleku og rama, og er i så fall ein del av den votiske undergruppa, antakeleg òg saman med huetar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Quesada Pacheco, Miguel Ángel (2006). «Toponomía indígena de Costa Rica». Revista de filología y lingüística de la Universidad de Costa Rica (32): 211.