Coromandel Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellittfoto som viser Auckland til venstre, Haurakigolfen i midten og Coromandelhalvøya med Coromandel Range langsetter til høgre. Foto: NASAs Terra-satellitt, 23. oktober 2002.

Coromandel Range er ei rekkje av ulendte åsar og fjell som strekkjer seg langsetter CoromandelhalvøyaNordøyaNew Zealand. Han ligg 60 km aust for Auckland City og går i nord-sør i nesten 85 km. Det høgaste punktet i ryggen er Mount Moehau, 892 m.o.h. heilt i nord på halvøya i Moehau Range. Coromandel Range har ei rekkje toppar som måler meir enn 600 meter i høgde.

Denne ryggen er ein av fleire som ligg i ei rekkje nord på Nordøya. Sør for Coromandel Range, skild av det kjende fjellpasset Karangahake Gorge, held ryggen fram i Kaimai Ranges.

Den store øya Great Barrier Island, som ligg ved inngangen til Haurakigolfen like nord for Coromandelhalvøya, kan sjåast på om ei nordre forlenging av denne ryggen.

På grunn av det stort sett ubygde og vanskeleg tilgjengelege terrenget, finst det her ei rekkje dyre- og plantearter som i stor grad har fått vera i fred for menneskeleg påverknad.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°00′S 175°40′E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.