A Saucerful of Secrets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Corporal Clegg)
Hopp til navigering Hopp til søk
A Saucerful of Secrets
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 29. juni 1968
Innspelt 9. mai 1967 – 3. mai 1968
Studio EMI Studios og De Lane Lea Studios i London
Sjanger
Lengd 39:25
Selskap
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi
The Piper at the Gates of Dawn
(1967)
A Saucerful of Secrets More
(1969)


Singlar frå A Saucerful of Secrets
  1. «Let There Be More Light» / «Remember a Day»
    Utgjeve: 19. august 1968 (berre USA)

A Saucerful of Secrets er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeven ut 29. juni 1968 på EMI Columbia i Storbritannia og 27. juli 1968 i USA på Tower Records. Albumet vart spelt inn før og etter Syd Barrett forsvann frå gruppa. Då oppførselen til Barrett vart stadig meir uføreseieleg, vart han tvungen til å slutte i gruppa og David Gilmour vart henta inn i 1968.[3][4]

Som følgje av dette vart A Saucerful of Secrets det einaste Pink Floyd-albumet, om ein ser bort frå samlealbum, der alle dei fem medlemmane deltok. Gilmour var med på fem songar (alle utanom «Remember a Day» og «Jugband Blues»), medan Barrett var med på tre («Remember a Day», «Jugband Blues» og «Set the Controls for the Heart of the Sun»).[5] «Set the Controls for the Heart of the Sun» var den einaste songen der alle fem medlemmane spelte samstundes. Trommeslagaren i Nick Mason har omtalt A Saucerful of Secrets som favorittalbumet hans av Pink Floyd.[6]

A Saucerful of Secrets nådde niandeplassen på den britiske albumlista, men gjekk ikkje inn på lista i USA i det heile, det einaste albumet deira som ikkje klarte dette. Albumet fekk stort sett positive meldingar, men mange kritikarar har meint at det var dårlegare enn The Piper at the Gates of Dawn.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frå midten til seint i 1967 var oppførselen til Syd Barrett blitt merkbar annleis,[7] og på ein av konsertane under den første amerikanske turneen deira, sto han berre på scenen og langsamt stemde ned gitaren sin. Publikum, som var forventa at bandet kom til å eksperimentere, verka å like det dei såg, og var ikkje klar over at resten av bandet var forskrekka. Under turneen vart Barrett intervjua på showet til Pat Boone og svaret på spørsmåla til Boone var «eit blankt og totalt fråverande blikk» og han mima ikkje til framføringa.[8][9] Barrett oppførte seg på liknande vis då dei spelte på det populære TV-showet til Dick Clark, American Bandstand.[8] Barrett mima ganske godt til framføringa av «Apples and Oranges», men svarte utan interesse eller entusiasme på spørsmåla til Clark.[10]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

med Syd Barrett[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i EMI Studios i London.[11] Dei første songane spelte inn for albumet var Roger Waters sin «Set the Controls for the Heart of the Sun» og ein Barrett-song som ikkje kom med på albumet, «Scream Thy Last Scream»,[12] som vart rekna som ein potensiell singel.[13] Begge vart spelte inn 7–8. august 1967.[13][14][15] Dei to spora vart arrangerte for ein singel den 8. september, før plateselskapet til bandet, EMI, la ned veto.[16] Bandet spelte inn «Vegetable Man»[12][14] i De Lane Lea Studios 9–11. oktober,[17] og vendte attende seinare i månaden, den 19. oktober, for å spele inn «Jugband Blues»,[18] der produsenten Norman Smith hyrte inn eit band frå Frelsesarmeen etter ynskje frå Barrett. Barrett fortalte dei at dei kunne «spele kva dei ville», medan Smith insisterte at dei skulle planlegge meir.[19][18] Under desse innspelingane overdubba Barrett ein slidegitar på «Remember a Day», eit unytta spor frå innspelinga for The Piper at the Gates of Dawn.[17][20][21] Bandet tok ein pause frå albuminnspelinga for å spele inn det som vart den tredje singelen deira, «Apples and Oranges»,[18] den 26. og 27. oktober.[22] Eit par dagar seinare spelte bandet inn B-sida «Paint Box»,[18] før dei drog på ein amerikansk turné.[18]

I november kom «Apples and Oranges» ut på singel, men selde for dårleg til å gå inn på singellistene.[23] Bandet drog omsider attende til De Lane Lea og spelte inn «Vegetable Man».[23] Ein gong kring jul vart David Gilmour, barndomsvenen til Barrett, beden om å bli med som andre sologitarist for å steppe inn for Barrett då oppførselen hans var for galen til at han kunne spele.[24] Sidan Barrett fram til då hadde skrive, eller vore medlåtskrivar på, dei fleste av songane på debutalbumet, The Piper at the Gates of Dawn, i tillegg til dei tre singlane deira fram til då,[9] var den første planen å halde han i gruppa som eit ikkje turnerande medlem - på liknande vis som Brian Wilson gjorde i The Beach Boys på den tida – men dette betydde i røynda at Barrett og resten av gruppa vart fråskilde.[10][25][26] For to dagar frå 10. januar 1968 møtte Pink Floyd opp i EMI Studios, i eit forsøk på arbeide på eldre spor: Waters sin vokal og Wright sitt orgel vart lagt over «Set the Controls for the Heart of the Sun»,[18] medan Mason la til vokal på «Scream Thy Last Scream».[4] Då han forlét Pink Floyd sa Barrett til Melody Maker: «Eg tenkjer det var verkeleg berre snakk om å ta saker og ting litt på strak arm».[27]

med David Gilmour[endre | endre wikiteksten]

Då Gilmour kom med i bandet spelte Pink Floyd ei kort stund som eit femmannsband, frå 12. til 20. januar.[24] For eit par konsertar song og spelte Gilimour medan Barrett vandra rundt på scenen og stundom var med å spelte. Innimellom desse konsertane øvde gruppa den 15. og 16. januar på eit par songar Waters hadde skrive. Under den neste innspelinga, den 18. januar, fekk bandet med seg Smith og jamma på eit rytmespor. Denne jam-en danna seinare introen til «Let There Be More Light».[28] Barrett var ikkje med på denne innspelinga. Den 24. og 25. januar spelte bandet inn ein song, oppført som «The Most Boring Song I've Ever Heard Bar 2» i Abbey Road. Denne songen vart sidan «See-Saw».[14][29] Bandet spelte inn «Let There Be More Light», «Corporal Clegg» (med solovokal av Nick Mason)[30] og «See-Saw», alle utan Barrett, trass i at manageren Andrew King hevda at Barrett spelte slide-soloen på slutten av «Let There Be More Light».[10] Dei andre bandmedlemmane vart lei av oppførselen til Barrett og den 26. januar 1968, då Waters køyrde på veg til ein konsert ved Southampton University, og plukka opp medlemmar langs vegen, sa ein person i bilen: «Skal me plukke opp Syd?» og ein annan svarte: «Nei, me gidd ikkje.»[24][31] Barrett vart til slutt fjerna frå bandet seint i januar 1968, og det var opp til den nye inkarnasjonen av Pink Floyd å fullføre albumet. «Set the Controls for the Heart of the Sun» er den einaste songen der alle fem medlemmane deltar.[32]

Dei fire bandmedlemane sleit med å kome opp med nytt materiale for albumet,[5][24] men i februar 1968 spelte dei inn Wright sin «It Would Be So Nice» og Waters sin «Julia Dream». Denne vart opphavleg kalla «Doreen's Dream».[10] Tidleg i februar vart det annonsert at Waters-songen «Corporal Clegg» skulle bli den neste singelen deira,[10] men etter press frå selskapet vart songen øyremerka for albumet,[33] og «It Would Be So Nice» kom ut på singel den 12. april 1968, nesten ei veke etter at bandet annonserte at Barrett hadde slutta i bandet.[34] B-sida til singelen var «Julia Dream».[34] Gjennom april talde bandet opp kva songar dei hadde spelt inn til då.[34] Waters nekta å gje ut to songar: «Vegetable Man», fordi han var «altfor dyster»,[17] og «Scream Thy Last Scream», på albumet, men dei tok med «Jugband Blues», og Waters-songen «Set the Controls for the Heart of the Sun» der Barrett var med.[34] Dei mangla 12 minuttar for å fullføre albumet og bandet byrja å setje saman fleire stykke med musikk til det som vart tittelsporet på albumet, «A Saucerful of Secrets». Dette var første gongen David Gilmour vart oppført som låtskrivar. Namnet hans vart feilaktig stava «Gilmore»,[35][36][37] ein feil som kom til å stå på alle utgåvene før den ommastra versjonen av albumet kom ut i 1994.[38][34] Mason og Waters planla sporet som om det var eit arkitektdesign, inkludert toppar og botnar.[34] Produsenten Smith likte ikkje stykket og sa til dei at «de kan ikkje gjere dette, det er for langt. De må skrive tre minuttar lange songar.»[34] Den 25. juni spelte bandet for BBC Radio-programmet Top Gear med to spor frå Saucerful: «Let There Be More Light» og ein kort utgåve av tittelsporet som her vart kalla «The Massed Gadgets of Hercules».[39]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Som på The Piper at the Gates of Dawn består albumet av space rock og psykedelisk rock. Men i motsetnad til Piper, som var dominert av Barrett sine songar, inneheld A Saucerful of Secrets berre ein original song av Barrett: «Jugband Blues». AllMusic skildra A Saucerful of Secrets: «Bandet byrja å kartleggje dei mørke og repeterande pulsane som kom til å prege dei neste par albuma deira.»[40] Wright syng eller deler solovokal på fire av dei sju songane, og medverkar med vokal på den elleve og eit halvt minutt lange instrumentalen «A Saucerful of Secrets», som gjer dette til det einaste Pink Floyd-albumet der han syng meir enn resten av bandet.

Let There Be More Light[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Let There Be More Light.

Utan at Barrett bidrog i nemneverdig i grad, var det opp til Waters og Wright å skrive gode nok songar. Opningssporet «Let There Be More Light» var skriven av Waters og held fram space rock-stilen som Barrett starta. «Let There Be More Light» utvikla seg frå eit bassriff som var ein del av «Interstellar Overdrive».[28]

Remember a Day[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Richard Wright og spelt inn under innspelinga av debutalbumet deira i 1967. Den opphavlege tittelen var «Sunshine».

Nick Mason visste ikkje heilt kva han skulle gjere på songen, og produsenten Norman Smith måtte til slutt steppe inn for han. Syd Barrett spelar både akustisk gitar og slidegitar på denne songen. Songen var òg b-side til singelen «Let There Be More Light»

Både «Remember a Day» og «See-Saw» brukar ein barneliknande tilnærmingsmåte[41][42] som dei òg nytta på debutplata.[43] Wright har seinare vore kritisk til sine eigne, tidlege bidrag til bandet.[43]

Set the Controls for the Heart of the Sun[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Set the Controls for the Heart of the Sun.

Songen, som er laga av Roger Waters med interessante trommeparti av Nick Mason, vart spelt mykje mellom 1967 og 1973, og ein konsertversjon av songen finst på Ummagumma (1969) og i filmen Pink Floyd: Live at Pompeii (1971).[44] Begge desse versjonane er ein del lengre enn originalversjonen. Han vart først framført med Barrett i 1967.[45] Waters har seinare framført songen på konsertane sine frå 1984 og frametter.[46]

Roger Waters har seinare vedgått at han «lånte» teksten til songen frå ei kinesisk diktsamling frå Tang-dynastiet, Poems of the late T’ang, slik Barrett hadde gjort på «Chapter 24».[47] Nokre av dei «lånte» linjene var skriven av Li He i diktet Ikkje gå ut av døra, som inneheld tekstlinja «witness the man who raged at the wall as he wrote his question to heaven». Andre tekstlinjer var «watch little by little the night turn around», «countless the twigs which tremble in dawn» og «one inch of love is an inch of ashes», som var skriven av Li Shangyin. Hovudriffet liknar på eit riff som Jimmy Garrison spelte i ein solo før songen «My Favorite Things» på John Coltrane-albumet Live at the Village Vanguard Again!, men dette er truleg berre tilfeldig. Riffet er spelt av Gilmour på gitar som er stemt ned så lågt at det nesten høyrest ut som ein bass. Riffet E E F E D E er i frygisk toneart, eit «indisk» lydbilete som var populært i mange popsongar på den tida.

Denne songen, i tillegg til andre Pink Floyd-songar, påverka Douglas Adams då han laga det oppdikta bandet «Disaster Area» i boka si Restaurant at the End of the Universe. Disaster Area er kjend for å vera det høgastspelande bandet i universet, og som Pink Floyd brukte dei mange visuelle effektar som sluttar med at eit romskip styrtar på den næraste sola.

Roger Waters har spelt songen på sine siste turnéar og videoen bak bandet viser stillbilete frå videoen til «Arnold Layne» og «The Scarecrow». Waters sin nye konsertversjon inneheld ein saksofonsolo.

Corporal Clegg[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Roger Waters med David Gilmour på gitar og vokal. Dette er òg første gong Nick Mason syng på ein song («He won it in the war...»-partiet). David Gilmour spelar kazoo på songen. Personen som fann opp dette instrumentet heitte Thaddeus von Clegg, og det kan vere årsaka til at songen har fått akkurat den tittelen.

Songen handlar om ein soldat som mistar foten sin i andre verdskrigen, og som tilsynelatande har ei alkoholisert kone. Dette er første gong krig vert nemnd i ein Pink Floyd-song, eit tema som vert mykje brukt av Roger Waters seinare, som mista far sin i andre verdskrigen.[44]

A Saucerful of Secrets[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Musikkstykket A Saucerful of Secrets.

Tittelsporet vart opphavleg skriven som ein ny versjon av «Nick's Boogie».[48] Sporet er delt inn fire delar, som kvar har ein tittel[49]Ummagumma.[50] Stykket vart mykje framført på konsertane deira fram til sommaren 1972,[50] og eit konsertopptak av songen frå 27. april 1969 på Mothers Club i Birmingham kom ut på Ummagumma.[51][52]

See-Saw[endre | endre wikiteksten]

Atmosfæren, tonen og tekstinnhaldet (som minner om ein idyllisk barndom) liknar mykje på den andre songen til Wright på albumet, «Remember a Day», sjølv om den generelle tonen i songen er mørkare og meir depressiv.

Jugband Blues[endre | endre wikiteksten]

Dette er den einaste songen på albumet som er laga av Syd Barrett, og i tillegg den siste songen han gav ut i lag med bandet. Det er ofte tenkt at songen refererer til at Barrett slutta i bandet («It's awfully considerate of you to think of me here / And I'm most obliged to you for making it clear that I'm not here»).[53][54] Pink Floyd laga to videoar til songen.[20] Den eine viser ein tilsynelatande deprimert Barrett som går rundt utan mål og meining. Den andre videoen er meir som ein standard musikkvideo, der Barrett og resten av bandet mimar til songen på ein scene med psykedeliske lysmønster i bakgrunnen.

Barrett ville at Frelsesarmeen skulle spele på songen, og åtte medlemmar av eit slikt orkester møtte opp i studio. Barrett fortalte dei at dei kunne spele kva dei ville utan å tenkje på resten av bandet. Norman Smith insisterte derimot på at dei skulle spele inn musikk som var avtalt på førehand, og til slutt vart det spelt inn begge delar. Under den andre, planlagde versjonen forsvann derimot Barrett. Den første og ikkje planlagde versjonen er den som hamna på albumet. Roger Waters og Rick Wright spelar tuba og trombone på dette partiet.

«Jugband Blues» er den andre songen frå Saucerful som er på samlealbumet Echoes: The Best of Pink Floyd (den første er «Set the Controls for the Heart of the Sun»). Songen kjem mot slutten av plata, like etter «Wish You Were Here», ein song som er skriven som ei hyllest til Barrett.

Ikkje utgjevne songar[endre | endre wikiteksten]

Det var tenkt at albumet òg skulle innehalde «Vegetable Man», ein song av Barrett.[9] Songen skulle ut på singel som B-sida til «Scream Thy Last Scream».[12][14] Bandet framførte «Jugband Blues», «Vegetable Man» og «Scream Thy Last Scream» for eit Top Gear-program den 20. desember 1967 og dette vart sendt 31. desember.[55] To andre Barrett-songar, «In the Beechwoods»,[56] og «No Title» (ofte omtalt som «Sunshine» på bootleggar, men må ikkje forvekslast med den tidlege tittelen på «Remember a Day».[14][18]) vart spelte inn tidleg i innspelinga av albumet.[57] Fleire instrumentale improvisasjonar, «John Latham», vart spelte inn under innspelinga av albumet, og har blitt gjevne ut på ei seinare samleplate..[57]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart designa av Storm Thorgerson frå Hipgnosis, og inneheld eit løynd bilete basert på eit panel frå teikneserien Dr. Strange frå 1967. Biletet som vart nytta kom frå Marvels Strange Tales #158 som var illustrert av Marie Severin. [58] [59]

Dette var det første av fleire Pink Floyd-album der omslaget vart designa av Hipgnosis,[60] og var berre den andre gongen at ei gruppe på EMI (The Beatles var den første) som fekk løyve til å bruke designarar utanfrå selskapet.[61]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[40]
The Daily Telegraph3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[62]
The Great Rock Discography8/10[63]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[64]
MusicHound2/5[65]
Paste8.3/10[66]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[67]
Sputnikmusic4.5/5[68]
Virgin Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[63]
The Daily VaultB+[69]

Albumet kom ut i Storbritannia måndag 1. juli 1968 på EMI sitt Columbia både i mono og stereo, og nådde niandeplassen på den britiske albumlista.[70] Det kom ut i USA på Tower Records-etiketten til Capitol, der det vart det einaste Pink Floyd-albumet som ikkje gjekk inn på albumlista før 2019, då det nådde 158. plassen på lista.[71] Då albumet kom ut i A Nice Pair i lag med orignalversjonen av The Piper at the Gates of Dawn etter suksessen med The Dark Side of the Moon, nådde albumet 36. plassen på Billboard 200.[72] «Let There Be More Light» vart gjeven ut som singel med «Remember a Day» som B-side i USA den 19. august 1969.[73]

Stereomiksen av albumet vart først gjeven ut på CD i 1988 og i 1992 vart det digitalt ommastra og gjeven ut i plateboksen Shine On. Den ommastra stereo-CD-en kom ut som sjølvstendig utgjeving i 1994. Monoversjonen av albumet har offisielt aldri komen ut på CD. Stereomiksen vart ommastra og gjeven ut på ny i 2011 av Capitol/EMI som ein del av Why Pink Floyd: Discovery-serien og igjen i 2016 av Sony Music på Pink Floyd Records-etiketten.

Då albumet kom ut var Rolling Stone negativ og meinte at «det er ikkje så interessant som det første albumet deira» og «ganske middelmåtig», og meinte årsaka var at Barrett var ferdig i bandet.[74]

I ei seinare melding for AllMusic, peiker Richie Unterberger på albumet si «dempa, eventyraktige stemning», med songar som går frå å vere «konsis og livaktige» til «eksentrisk, overjordiske musikk med lange instrumentale passasjar».[40] I ei melding for BBC Music sa Daryl Easlea at Saucerful ikkje var «utan fyllmateriale», og la til at «Jugband Blues» var den songen som fekk han til «grøsse mest» på albumet.[75]

Under marknadsføringa av The Endless River kalla Nick Mason A Saucerful of Secrets favoritten sin blant studioalbuma til Pink Floyd. «Eg syns det er idear der som me har halde fram å bruke gjennom heile karrieren vår», sa han. «Eg syns det var ein ganske fin måte å markere at Syd slutta og at Dave kom inn. Det er fint å ha det på plate, der begge er med å syng. Det kryss-fader i staden for å kutte.»[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Let There Be More Light»  Roger WatersWright, Waters, and Gilmour 5:38
2. «Remember a Day»  Richard WrightWright 4:33
3. «Set the Controls for the Heart of the Sun»  WatersWaters 5:28
4. «Corporal Clegg»  WatersGilmour, Wright and Mason 4:13
19:52
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «A Saucerful of Secrets»
  • I. «Something Else» (3:57)
  • II. «Syncopated Pandemonium» (3:07)
  • III. «Storm Signal» (1:34)
  • IV. «Celestial Voices» (3:19)»  
  • Waters
  • Wright
  • Nick Mason
  • David Gilmour
  • instrumental, ordlaus vokal av Wright og Gilmour 11:57
    2. «See-Saw»  WrightWright 4:36
    3. «Jugband Blues»  Syd BarrettBarrett 3:00
    19:33

    Medverkande[endre | endre wikiteksten]

    (ingen var oppførte på omslaget)

    Pink Floyd

    Andre medverkande

    Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

    Salslister[endre | endre wikiteksten]

    Liste (1968) Plassering
    Den franske albumlista (SNEP)[79] 10
    Britiske album (OCC)[70] 9
    Liste (2019) Plassering
    US Billboard 200[80] 158

    Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

    Region Salstrofé Salstal
    Storbritannia (BPI)[81] Gull 100 000^

    ^salstala er basert på sertifiseringa aleine
    xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    1. Edmondson Ph.D., Jacqueline. Music in American Life: An Encyclopedia of the Songs, Styles, Stars, and ... s. 147. ISBN 978-1-4299-6589-7. Henta 3. april 2017. ...Although Pink Floyd found its own origins in the psykedelisk rock of the late 1960-åra—most notably in The Piper at the Gates of Dawn(1967) and A Saucerful Of Secrets(1968)... 
    2. Bill Martin. Listening to the Future: The Time of Progressive Rock, 1968-1978. s. 165–. ISBN 978-1-4299-6589-7. 
    3. Povey, Glenn (2006). Echoes: The Complete History of Pink Floyd (New utg.). Mind Head Publishing. s. 90. ISBN 978-0-9554624-0-5. 
    4. 4,0 4,1 Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 318. ISBN 0-85965-431-1. 
    5. 5,0 5,1 Gulla, Bob (2009). Guitar Gods: The 25 Players Who Made Rock History. Westport, Conn.: Greenwood Press. s. 92. ISBN 0-313-35806-0. 
    6. 6,0 6,1 Schonfeld, Zach (7. november 2014). «Pink Floyd’s Longest-Serving Officer». Newsweek. Henta 7. november 2014. 
    7. Palacios, Julian (1998). Lost in the Woods: Syd Barrett and the Pink Floyd. London: Boxtree. s. 183. ISBN 0-7522-2328-3. 
    8. 8,0 8,1 Schaffner, Nicholas (2005). Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 13. ISBN 1-905139-09-8. 
    9. 9,0 9,1 9,2 Reisch, George A., red. (2007). Pink Floyd and Philosophy: Careful With That Axiom, Eugene! (1st utg.). Chicago: Open Court. s. 230. ISBN 0-8126-9636-0. 
    10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 45. ISBN 1-84353-575-0. 
    11. Jones, Malcolm (2003), The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.), Brain Damage, s. 23–25 
    12. 12,0 12,1 12,2 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 187. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    13. 13,0 13,1 Palacios 2010, s. 262
    14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 Jones 2003, s. 23
    15. Chapman 2010, s. 186
    16. Palacios 1998, s. 180
    17. 17,0 17,1 17,2 Palacios 1998, s. 194
    18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 18,5 18,6 18,7 Manning 2006, s. 41
    19. Chapman 2010, s. 191
    20. 20,0 20,1 Palacios 2010, s. 286
    21. 21,0 21,1 Everett, Walter (2009). The Foundations of Rock: From «Blue Suede Shoes» to «Suite: Judy Blue Eyes». Oxford: Oxford University Press. s. 90. ISBN 0-19-531023-3. 
    22. Chapman 2010, s. 189
    23. 23,0 23,1 Manning 2006, s. 43
    24. 24,0 24,1 24,2 24,3 Carruthers, Bob. Pink Floyd – Uncensored on Record. Coda Books Ltd. ISBN 1-908538-27-9. Henta 213. juni 2019. 
    25. Schaffner 2005, s. 265
    26. Schaffner 2005, s. 14
    27. The Madcap Laughs (booklet). Syd Barrett. Harvest, EMI. 2010. s. 1. 
    28. 28,0 28,1 Palacios 2010, s. 319
    29. Povey 2006, s. 90
    30. 30,0 30,1 Schaffner 2005, s. 132
    31. Blake, Mark (2008). Comfortably Numb: The Inside Story of Pink Floyd. Cambridge, MA: Da Capo. s. 112. ISBN 0-306-81752-7. 
    32. 1993 Guitar World-intervju med David Gilmour
    33. Manning 2006, s. 46–47
    34. 34,0 34,1 34,2 34,3 34,4 34,5 34,6 Manning 2006, s. 47
    35. «Images for Pink Floyd – A Saucerful of Secrets». Discogs.com. Henta 13. juni 2019. 
    36. «Images for Pink Floyd – A Saucerful of Secrets». Discogs.com. Henta 13. juni 2019. 
    37. «Images for Pink Floyd – A Saucerful of Secrets». Discogs.com. Henta 13. juni 2019. 
    38. «Images for Pink Floyd – A Saucerful of Secrets». Discogs.com. Henta 13. juni 2019. 
    39. Manning 2006, s. 48
    40. 40,0 40,1 40,2 Unterberger, Richie. «A Saucerful of Secrets – Pink Floyd : Songs, Reviews, Credits, Awards : AllMusic». AllMusic. Henta 13. juni 2019. 
    41. Palacios 2010, s. 285
    42. Reisch 2007, s. 272
    43. 43,0 43,1 Schaffner 2005, s. 132–133
    44. 44,0 44,1 Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus. ISBN 0-7119-4301-X. 
    45. Palacios 2010, s. 271
    46. Sweeting, Adam (20. mai 2008). «Roger Waters: set the controls for the heart of the Floyd». Telegraph. Henta 9. desember 2012. 
    47. Palacios 2010, s. 265
    48. Palacios 2010, s. 322
    49. «Echoes FAQ Ver, 4.0 – 4/10». Pink-floyd.org. Henta 13. juni 2019. 
    50. 50,0 50,1 Manning 2006, s. 188
    51. Schaffner 2005, s. 156
    52. Mabbett, Andy (2010). Pink Floyd – The Music and the Mystery. London: Omnibus. s. 160. ISBN 978-1-84938-370-7. 
    53. Reisch 2007, s. 236
    54. Chapman 2010, s. 190
    55. Manning 2006, s. 44
    56. Chapman 2010, s. 193
    57. 57,0 57,1 Jones 2003, s. 25
    58. https://www.lambiek.net/artists/s/severin_marie.htm
    59. https://www.denofgeek.com/us/culture/doctor-strange/259817/the-doctor-strange-and-pink-floyd-connection
    60. Palacios 2010, s. 330
    61. Roberts, James. «Hipgnotic Suggestion». Frieze (37). Henta 15. desember 2011. 
    62. McCormick, Neil (20. mai 2014). «Pink Floyd's 14 studio albums rated». The Daily Telegraph (London). Henta 11. juni 2019. 
    63. 63,0 63,1 «Pink Floyd A Saucerful of Secrets». Acclaimed Music. Henta 13. juni 2019. 
    64. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (på engelsk). Omnibus Press. ISBN 9780857125958. Henta 13. juni 2019. 
    65. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 872. ISBN 1-57859-061-2. 
    66. Deusner, Stephen (16. oktober 2011). «Assessing a Legacy: Why Pink Floyd? Reissue Series». Paste. Henta 26. august 2015. 
    67. Sheffield, Rob (2. november 2004). «Pink Floyd: Album Guide». Rolling Stone. Wenner Media, Fireside Books. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 11. juni 2019. 
    68. Campbell, Hernan. «Pink Floyd A Saucerful of Secrets». Sputnikmusic. Henta 26. august 2015. 
    69. Thelen, Christopher (2019). «The Daily Vault Music Reviews : A Saucerful of Secrets». dailyvault.com. Henta 28. januar 2019. 
    70. 70,0 70,1 "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. juni 2019.
    71. «A Saucerful of Secrets – Pink Floyd | Billboard». billboard.com. Henta 13. juni 2019. 
    72. «A Nice Pair – Pink Floyd : Awards : AllMusic». AllMusic. Henta 13. juni 2019. 
    73. Fitch, Vernon. «Pink Floyd Archives-Tower Records Discography». Pinkfloydarchives.com. Henta 13. juni 2019. 
    74. Miller, Jim (26. oktober 1968). «A Saucerful of Secrets». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). Henta 13. juni 2019. 
    75. Easlea, Daryl (17. april 2007). «Music – Review of Pink Floyd – A Saucerful of Secrets». BBC. Henta 13. juni 2019. 
    76. 76,0 76,1 Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X. 
    77. Manning 2006, s. 187
    78. A Saucerful of Secrets (Back cover). Pink Floyd. EMI Columbia. 
    79. «Den franske albumlista (1968–2007)». InfoDisc.fr. Arkivert frå originalen 7. mai 2013. Henta 2. juni 2013. 
    80. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 13. juni 2019.
    81. «British album salstrofé – Pink Floyd – A Saucerful of Secrets». British Phonographic Industry. Henta 11. juni 2019.  Enter A Saucerful of Secrets in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: A Saucerful of Secrets