Corrachadh Mòr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corrachadh Mòr
ås
Corrachadh Mòr til høgre og Mull i bakgrunnen sett frå Ardnamurchan Point fyr.
Land  Storbritannia
Kart
Corrachadh Mòr
56°42′56″ N 6°13′41″ W

Corrachadh Mòr er ei lita høgd på Ardnamurchanhalvøya i Lochaber i Highland i Skottland, og er det vestlegaste punktet på øya Storbritannia. Det ligg om lag 36 km lenger vest for Land's End i Cornwall.

Corrachadh Mòr sett frå Ardnamurchan Point fyr, teken når sola står nøyaktig i sør. Ut frå bilete er det tydeleg at Corrachadh Mòr ligg lenger vest enn Ardnamurchan Point.

Alt etter kva koordinatar ein nyttar er dette neset 30,78 m eller 42,81 m lenger vest enn Ardnamurchan Point (som ligg ein kilometer lenger nord). Sistnemnte vert ofte feilaktig omtalt som det vestlegaste punktet.

Corrachadh Mòr tyder 'stor, avsmalande slette' på skotsk-gælisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]