Corrib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corrib
elv
Utsyn nordover frå Salmon Weir Bridge i Galway
Lengd km
Kjelde Lough Corrib i County Galway
Munning Claddagh, Galway
Kart
Corrib
53°16′0″ N 9°3′0″ W
Wikimedia Commons: River Corrib

Corrib (irsk Gaillimh eller Abhainn na Gaillimhe) er ei elv vest på Irland som renn frå Lough Corrib gjennom Galway til Galway Bay. Elva renn berre seks kilometer frå innsjøen til sjøen, men kan stundom vere ganske kraftig, særleg etter nokre dagar med regn. Ho er ei populær elv for elvepadling.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det eigntlege namnet på elva er Galway River på engelsk. På irsk vert elva stundom kalla An Ghaillimh («the Galway») og stundom Abhainn na Coiribe. Segna fortel at elva vart kalla opp etter Gailleamh, dottera til ein Fir Bolg-høvding som drukna i elva. Ordet Gaillimh meiner ein kan tyde «steinete» eller «steinete elv». Ei myte om at byen har fått namnet sitt frå det irske ordet Gallaibh, «utlendingar», (frå Gall, ein utlending) er ikkje rett sidan namnet Gaillimh først vart nytta om elva og seinare om byen. Dei første busetnadane ved Galway vart kalla Dún Bhun na Gaillimhe, eller «byen ved enden av elva Galway».

Utsyn sørover frå Salmon Weir Bridge
Surfing på ei stor ståande bølgje ved O'Briens bridge

Elva gav namn til byen, og frå om lag 1570 gav byen vidare namn til grevskapet. Elva hjelpte til med den industrielle utviklinga av byen, som fekk elektrisk straum før London på 1800-talet.

Øvre og nedre Corrib[endre | endre wikiteksten]

Delen av elva som renn frå innsjøen til Salmon Weir vert kalla Øvre Corrib. Salmon weir er ein overløpskant som vart bygd for å regulere elva, og vert berre opna under flaumsituasjonar. Nedanfor overløpskanten til elva munnar ut i Galway Bay vert ho kalla Nedre Corrib. Tre bruer kryssar den nedre delen av elva, Salmon Weir Bridge, William O'Brien Bridge og Wolfe Tone Bridge.

Den einaste sideelva til Nedre Corrib er Sruthán na gCaisláin (Slottselva), ei lita elv som renn gjennom Newcastle og munnar ut i elva like nedanfor overløpskanten Kings weir.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]