Cortez the Killer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cortez the Killer
Song av Neil Young
frå albumet Zuma
Utgjeve 10. november 1975
Innspelt 16. juni 1974 til 29. august 1975
Sjanger Rock
Lengd 7:29
Selskap Reprise
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young
David Briggs
Tim Mulligan

«Cortez the Killer» er ein song av Neil Young frå albumet Zuma frå 1975. Han vart spelt inn i lag med Crazy Horse og er rangert på 39. plass på Guitar World si liste over dei 100 beste gitarsoloane nokon gong, samt på 329. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Songen omhandlar Hernán Cortés, ein conquistador som erobra Mexico for Spania på 1500-talet. «Cortez the Killer» refererer òg til den aztekiske herskaren Montezuma II og andre hendingar kring den spanske erobringa av den nye verda.

Hate was just a legend
And war was never known
The people worked together
And they lifted many stones.

Neil Young (1975)

Songen er typisk for Zuma — enkle, store akkordar og ein bass som stundom vert særs mektig og tonar ut igjen. Songen repeterer akkordane Em7, D og Am7sus4 medan Young spelar ein varemerke-solo gjennom store delar av songen.

Teksten startar etter 3:23 ut i songen. Dei første tekstlinjene syner til Cortés og galleonane og kanonane hans som nærmar seg kysten av den nye verda. Der levde Montezuma, keisaren over aztekarane, som var særs rik og full av visdom, men i ein sivilisasjon som var dømt til undergang, trass i alt det vakre og flotte dei hadde oppnådd. Dei store pyramidane deira finst framleis og vert hylla i songen.

I staden for å skildre slaga mellom Cortez og aztekarane, hoppar teksten i siste verset frå tredjeperson til førsteperson, med ein referanse til ei kvinne som lever der. Kvinna er truleg kona til Cortez, Dona Elizabeth, som støtta erobringane hans og som starta fleire oppdrag for å støtte borna til aztekarane (og spanjolane) som forsvann i slaget om Tenochtitlan. Ho er gravlagd utanfor Mexico City i La Colonia Hidalgo, den massive bygningen til Cortez, som framleis står i dag.

Ei anna tolking er at «ho» er hovudtempelet til aztekarane, Templo Mayor, som vart grave fram i 1978 etter å ha vore gravlagd under Mexico City i nesten 500 år. I mellomamerikansk litteratur vert tempelet ofte berre omtalt som «ho».

Young har sagt på konsertar at han skreiv songen medan han studerte historie på skulen. Songen vart bannlyst i Spania under Francisco Franco i følgje notata til Young på omslaget til samleplata Decade.

Songen tonar ut etter nesten sju og eit halv minutt. Dette skjedde anten fordi bandet gjekk tom for lydband, eller fordi ein sikring rauk. Dette førte til at noko av musikken forsvann, samt eit siste vers. Då produsenten David Briggs fortalte dette ti lbandet, svarte Young «Eg likte aldri det verset likevel». Det siste verset er aldri spelt sidan den gong.[1]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Den enkle akkordstrukturen har gjort til at mange har jamma til denne songen. Av artistar som har spelt songen finn ein The Dead, Dave Matthews Band, Built to Spill, Slint, The Church, The Drones og av Pearl Jam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Young, Scott. Neil and Me.s. 149-150