Cortona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamlebyen i Cortona

Cortona er ein by og ein kommune i provinsen Arezzo i Toscana i Italia. Kommunen har vel 22 000 ibuarar og eit areal på 342 km². Cortona ligg lengst sør i provinsen, 24 km søraust for provinshovudstaden Arezzo. Byen Cortona ligg 494 meter over havet.

Byen er frå førkristen tid. Han vart plyndra og øydelagd på 500-talet. Ymse fyrsteslekter rådde over byen i mellomalderen og fram til samlinga av Italia; lengst Medici-ætta i Firenze. Målarane Luca Signorelli og Pietro da Cortona var frå Cortona.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cortona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]