Così fan tutte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Così fan tutte
K. 588
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Opera
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1790
Typisk lengd 166:56
Satsar 32 (2 akter)
Libretto av Lorenzo Da Ponte

Così fan tutte, ossia La scuola degli amanti (Slik gjer alle kvinner, eller skule for elskarar) K. 588, er ein opera buffa av Wolfgang Amadeus Mozart frå 1790. Librettoen vart skriven av Lorenzo Da Ponte.

Così fan tutte er ein av tre Mozart-operaer Da Ponte skreiv librettoen for. Dei to andre var Figaros bryllup og Don Giovanni.

Sjølv om det er allment akseptert at Così fan tutte vart skriven og komponert etter forslag frå Josef II, støttar ikkje nyare forsking denne ideen.[1] Det er bevis for at Mozart sin samtidig, Antonio Salieri, prøvde å setje musikk til librettoen men ikkje gjorde han ferdig.[2]

Framsyningar[endre | endre wikiteksten]

Den første framsyningar fann stad i Burgtheater i Wien den 26. januar 1790. Det vart berre fem framsyningar før det vart stoppa då keisar Josef II døydde og hoffet gjekk inn i ein sørgeperiode.

Temaet i operaen uroa ikkje Wien på denne tida, men utover 1800- og tidleg på 1900-talet vart han rekna som for vågal. Operaen vart sjeldan framført.

Etter andre verdskrigen fann han igjen ein stad i standardrepertoaret i operaen og er i dag den 11. mest spelte operaen verda over i følgje lista til Operabase.[3]

Roller[endre | endre wikiteksten]

Program for premieren
Rolle Stemme Premierebesetning, 26. januar 1790
(Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart)
Fiordiligi, Frue frå Ferrara og syster til Dorabella, budde i Napoli sopran Adriana Ferrarese
Dorabella, Frue frå Ferrara og syster til Fiordiligi, budde i Napoli mezzo-sopran Louise (Luisa) Villeneuve
Guglielmo, kjærasten til Fiordiligi, ein soldat baryton Francesco Benucci
Ferrando, kjærasten til Dorabella, ein soldat tenor Vincenzo Calvesi
Despina, ei hushjelp sopran Dorotea Bussani
Don Alfonso, ein gammal filosof bass Francesco Bussani
Kor: soldatar, tenarar, sjømenn

Samandrag[endre | endre wikiteksten]

To vener kler seg ut som «albanarar» og kurtiserer kvarandre sine trulova for å teste truskapen deira. Til slutt avslører venene identiteten sin, alt vert tilgjeve, og dei fire syng om det prisverdige i å kunne akseptere både medgang og motgang i livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brown, Bruce Alan. W.A. Mozart: Così fan tutte, Cambridge: Cambridge University Press. 1995. p. 10
  2. Collins, Michael, Notes, Second Series, Vol. 53, No. 4 (June 1997), pp. 1142–1144. Music Library Association.
  3. «Opera Statistics». Operabase. http://operabase.com/top.cgi?lang=en#opera. Henta 3. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Così fan tutte