Cosmo's Factory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cosmo's Factory
Studioalbum av Creedence Clearwater Revival
Utgjeve Juli 1970[1]
Innspelt 1969–1970 i Wally Heider Studios i San Francisco i California
Sjanger Roots-rock, countryrock, bluesrock, southern rock
Lengd 42:28
Selskap Fantasy
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
Willy and the Poor Boys
(1969)
Cosmo's Factory Pendulum
(1970)


Singlar frå Cosmo's Factory
  1. «Travelin' Band»/«Who'll Stop the Rain»
    Utgjeve: Januar 21970[1]
  2. «Run Through the Jungle»/«Up Around the Bend»
    Utgjeve: April 1970[1]
  3. «Lookin' out My Back Door»
    Utgjeve: Juli 1970[1]
  4. «I Heard It Through the Grapevine»
    Utgjeve: Januar 1976[1]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Christgau's Record GuideA[3]
Pitchfork8.8/10[4]
Rolling Stone5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]

Cosmo's Factory er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut på Fantasy Records i juli 1970 som Fantasy 8402, same månaden som singelen «Lookin' out My Back Door» med «Long As I Can See the Light» kom ut.[1] Albumet låg ni veker på rad på toppen av Billboard 200-lista i USA.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Med utgjevinga av Cosmo's Factory i juli 1970 nådde Creedence Clearwater Revival det kommersielle høgdepunktet sitt. Det var det femte albumet deira på to år og det vart ein internasjonal storhit, som toppa albumlistene i seks forskjellige land.[6][7][8][9][10][11] Bandet turnerte òg Europa i 1970 og spelte i Royal Albert Hall, og hadde tredd fram som eit av dei mest populære banda i Amerika ved å i stor grad ignorere syrerocken som elles dominerte denne tida. Men trass i den smittande blandinga av rockabilly, folk og R&B, vart dei avvist av somme musikarar og kritikarar som eit singelband utan substans. I ein artikkel i 2012 skreiv Uncut «Medan langhåra folk i San Francisco på andre sida av brua spotta den kommersielle sida deira, gjorde Creedence eit poeng ut av å gje ut singlar med doble A-sider. Og i forskjellig grad hadde begge songane ein eigen evne til å skjere gjennom alle delar av folkesetnaden.» Songaren og gitarist Fogerty, som tilsynelatande hadde dukka opp frå ingenting, men som i røynda hadde slite seg til tops med bandkollegaene gjennom det meste av 1960-åra som The Blue Velvets og The Golliwogs, skreiv songane deira og styrte i stor grad bandet. Grepet han hadde om bandet irriterte derimot dei andre, særskild den eldre broren Tom Fogerty, som slutta i bandet mot slutten av 1970.

Albumtittelen[endre | endre wikiteksten]

Namnet på albumet kom frå eit lager i Berkeley der bandet hadde øvd tidleg i karrieren. Det vart kalla «The Factory» av trommeslagaren Doug «Cosmo» Clifford, fordi John Fogerty fekk dei til å øve der nesten kvar dag.[12]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Cosmo's Factory syner kanskje meir enn nokre andre Creedence-album dei mange musikalske ingrediensane som danna grunnlaget for «swamp rock»-stilen deira: R&BBefore You Accuse Me», «My Baby Left Me»), soul («I Heard It Through the Grapevine», «Long As I Can See the Light»), country («Lookin' Out My Back Door»), rockabilly og klassisk rock and roll («Ooby Dooby», «Travelin' Band»), og psykedelia («Ramble Tamble»).

«Travelin' Band» var inspirert av rock and roll-songar frå 1950-åra, særskild dei av Little Richard. I oktober 1972 meinte selskapet som eigde forlagsrettane til Richard sin «Good Golly, Miss Molly» at «Travelin' Band» hadde nok likskapar til at dei kunne saksøkje for plagiat, men det vart seinare løyst før det hamna i retten. Den andre sida av singelen, «Who'll Stop the Rain», kunne ikkje ha vore meir annleis. Fogerty fortalte Uncut i 2012: «'Travelin' Band' var helsinga mi til Little Richard, men 'Who'll Stop The Rain?' var ein del tida han vart laga på. Frå 1968 til 1974 var Vietnam truleg det viktigaste i tankane på unge folk.» «Run Through the Jungle» omhandla eit liknande tema., og mange lyttarar meiner teksten handlar om krigen. I følgje bassisten Stu Cook vart jungel-effektane i både opninga og avslutninga av songen skapt av «mengder baklengsinnspelinga av gitar og piano.»[13] Munnspelet på songen vart spelt av John Fogerty. Songen var òg favoritt CCR-songen til Tom Fogerty: «Det er som ein liten film i seg sjølv med alle lydeffektane. Han endrar aldri toneart, men held på interessa di heile vegen. Det er som draumen til ein musikar. Han endrar aldri toneart, men du får ein illusjon om at han gjer det.»[14]

«Lookin' Out My Back Door» var ein direkte hyllest til Bakersfield Sound, ein musikkstil som hadde inspirert John Fogerty og Creedence-stilen. Buck Owens, ein av arkitektane bak Bakersfield-stilen, er til og med nemnt i teksten. Songen har eit livleg tempo, ei heimekjensle, og ei endring i tone og takt mot slutten. Teksten er fylt med fargerike, draumeaktige bilete, som fekk enkelte til å tru at songen handla om dop. I følgje dopteorien er «flying spoon» i songen ei kokainskei, og dei rare dyrebileta var ein syretrip. Men Fogerty har ofte sagt i intervju at songen vart skriven for den tre år gamle sonen, Josh. Paraden som passerer forbi skal ha vore inspirert av Dr. Seuss-boka And to Think That I Saw It on Mulberry Street.[15]

Sjølv om CCR var godt kjende for konsise, stramt arrangerte songar, har Cosmo's Factory to lengre spor: det sju minuttar lange opningssporet «Ramble Tamble» og den 11 minuttar lange coverversjonen av Marvin Gaye sin «I Heard It Through the Grapevine». Cook sa til Bill Kopp på musoscribe.com at «kvart albumet har eit langt spor, men dei var ikkje eigentleg jammar. 'Heard It Through the Grapevine' har ein meir jam-aktig karakter, men dei var alle ganske så strukturerte. Det var ikkje rom til å rote rundt.» Sjølv om CCR hadde vore borti i psykedelisk rock på debutsingelen «Susie Q», var den stormande «Ramble Tamble» meir ambisiøs. Songen byrjar med ein rockabillyintroduksjon før han går over i ein psykedelisk vegg var lyd som varerer i nesten fire minutt. Songen går attende til rockabilly-delen mot slutten. Denne songen har fått særskild mykje god kritikk,[16] og journalisten Steven Hyden kalla det «den mest rocka songen gjennom tidene».[17] FLeire andre songar hyller blues- og rock and roll-røtene deira, som Big Arthur Crudup sin «My Baby Left Me», Bo Diddley sin «Before You Accuse Me» og rockabilly-klassikaren «Ooby Dooby».

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I januar 1970 nådde den doble A-side-singelen «Travelin' Band»/«Who'll Stop the Rain»,[1] andreplassen på Billboard Hot 100.[18] I april gav bandet ut den neste doble A-sida, «Run Through the Jungle»/«Up Around the Bend»,[1] som nådde høvesvis fjerde- og andreplassen på Hot 100,[18] og starta den første turneen deira i Europa. Cosmo's Factory kom ut i juli 1970 i lag med den niande singelen deira, «Lookin' Out My Back Door»/«Long as I Can See the Light», som begge nådde andreplassen på Hot 100.[1][18] Albumet selte til gullplate i USA den 16. desember 1970. 13. desember 1990 hadde det selt til 4x platinaplate for eit sal på over fire millionar.[19]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I den originale meldinga, skreiv Rolling Stone: «Det bør no vere heilt klart at Creedence Clearwater Revival er eit flott rock and roll-band. Cosmo's Factory, det femte albumet deira, er enno ei årsak som syner det.» AllMusic skreiv «På 'Long as I Can See the Light', den siste songen på albumet, finn han igjen trøyst i heimen, ankra i ein sjelfull, tilbakelent groove. Han treff ein trøystande, elegisk tone, den perfekte måten å avslutte 'Cosmo's Factory' på – eit album laga under stress og kaos, fylt med rasande rockarar, coversongar og intense jammar.» Amazon.com kalla albumet «høgdepunktet i ei produktiv rekkje.»[20]

I 2003 vart albumet rangert på 265. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[21] men var heilt ute av lista då ho vart revidert i 2012.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av J.C. Fogerty, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ramble Tamble»7:09
2.«Before You Accuse Me» (Ellas McDaniel)3:24
3.«Travelin' Band‡»2:07
4.«Ooby Dooby» (Wade Moore, Dick Penner)2:05
5.«Lookin' Out My Back Door»2:31
6.«Run Through the Jungle†»3:09
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Up Around the Bend†»2:40
2.«My Baby Left Me» (Arthur Crudup)2:17
3.«Who'll Stop the Rain‡»2:28
4.«I Heard It Through the Grapevine» (Norman Whitfield, Barrett Strong)11:05
5.«Long as I Can See the Light»3:33

Mark: Alle songar spelte inn i juni 1970, utanom † i mars 1970 og ‡ seint i 1969

Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
1.«Travelin' Band» (nyinnspeling)2:15
2.«Up Around the Bend» (Konsertopptak frå Amsterdam, September 10, 1971)2:41
3.«Born on the Bayou» (Jam med Booker T. i Fantasy Studios)5:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
Liste (1970) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 1
Canada RPM 100 Albums[7] 1
Frankrike Top Albums[8] 1
Nederland (Top 100)[22] 2
Noreg (Top 40)[9] 1
UK (The Official Charts Company)[11] 1
US Billboard 200[10] 1
US Billboard R&B-album[10] 11
Singlar
Dato Singel Plassering
US Hot 100 UK Top 40
Januar
1970
«Travelin' Band»/
«Who'll Stop the Rain»
2 8
April
1970
«Up Around the Bend»/
«Run Through the Jungle»
4 3
Juli
1970
«Lookin' Out My Back Door»/
«Long As I Can See the Light»
2 20

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Finland (Musiikkituottajat)[23] 1× Gull 20,000
USA (RIAA)[19] 4× Platina 4 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 (1991) Plateomslagstekst for Chronicle: The 20 Greatest Hits avCreedence Clearwater Revival [CD booklet]. Berkeley, California, USA: Fantasy Records (FCD-CCR2-2).
  2. AllMusic review
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. «Creedence Clearwater Revival: Cosmo's Factory Album Review». Henta 8. september 2020. 
  5. «link». rollingstone.com. 
  6. 6,0 6,1 Kent, David. Australian Chart Book 1970-1992. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. 7,0 7,1 «100 Albums» (PHP). RPM 14 (2). August 29, 1970. Henta 17. august 2013. 
  8. 8,0 8,1 «Le Détail des Albums de chaque Artiste» (PHP). InfoDisc (på fransk).  Look for "CREEDENCE CLEARWATER REVIVAL" under the drop-down menu.
  9. 9,0 9,1 «Album Info: Cosmo's Factory – Creedence Clearwater Revival» (PHP). VG-lista. Henta 17. august 2013. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Creedence Clearwater Revival - Billboard Albums». Allmusic. Rovi Corporation. Henta November 11, 2010. 
  11. 11,0 11,1 «Artist Chart History: Creedence Clearwater Revival». The Official Charts Company. Henta 17. august 2013. 
  12. «Creedence Clearwater Revival-Cosmo's Factory». Henta 19. september 2020. 
  13. «Run Through the Jungle by Creedence Clearwater Revival Songfacts». www.songfacts.com. 
  14. The Global Satellite Network, 60's Legends
  15. Bordowitz, Hank (1998). Bad Moon Rising: The Unauthorized History of Creedence Clearwater Revival. Chicago Review Press. s. 98. 
  16. Larson, Jeremy D. «Pitchfork – The Spirit of «Ramble Tamble»». Pitchfork. Henta 19. september 2020. 
  17. Hyden, Steven. «The AV Club Blog – The most rockin' song of all time». The AV Club. Henta 19. september 2020. 
  18. 18,0 18,1 18,2 «Creedence Clearwater Revival – Billboard Singles». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 19. september 2020. 
  19. 19,0 19,1 «American album salstrofé – Creedence Clearwater – Cosmo's Factor». Recording Industry Association of America. Henta 18. juli 2017.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  20. «Cosmo's Factory». Amazon. 30. september 2008. Henta 18. juli 2017. 
  21. «News». Rolling Stone. Henta 19. september 2020. 
  22. «Creedence Clearwater Revival – Cosmo's Factory (Album)» (PHP). Dutch Charts. Hung Medien. Henta 17. august 2013. 
  23. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits: