Costa de la Luz

Koordinatar: 36°15′N 5°58′W / 36.250°N 5.967°W / 36.250; -5.967
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Caleta-stranda i Cádiz
Våtmarksområde i Doñana
Kapp Trafalgar: Kitesurfing

Costa de la Luz («Lyskysten») er ein del av kysten av Andalucía som vender ut mot Atlanterhavet. Ho strekkjer seg frå Tarifa i sør, langs kysten av provinsen Cádiz og provinsen Huelva, til munningen av elva Guadiana.

Costa de la Luz har lenge vore ein populær turistdestinasjon for spanske ferierande, men i seinare år har fleire og fleire utanlandske turistar òg kome her, særleg franskmenn og tyskarar.

Attraksjonar og rekreasjon[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå strender og sol kan ein her drive aktivitetar som å dra på gourmetrestaurantar, golf, kitesurfing, båtliv og andre former for vassport. Costa de la Luz er særleg kjend for dei vakre naturreservata og mange naturattraksjonar. Av desse finn ein Doñana nasjonalpark, med utryddingstruga dyreartar som spansk keisarørn og iberiagaupe, Cádizbukta, dei bratte klippene sør i Andalucia, marsklandet Barbate og klippene ved La Breña.

Av byar og strender finn ein (frå nordvest til søraust): Ayamonte, Isla Cristina, Lepe, El Portil, Punta Umbría, Matalascañas, Sanlúcar de Barrameda, Chipiona, El Puerto de Santa María, Cádiz, Chiclana de la Frontera, Conil de la Frontera, Zahara de los Atunes, Los Caños de Meca, Vejer de la Frontera, Bolonia og Tarifa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

36°15′N 5°58′W / 36.250°N 5.967°W / 36.250; -5.967

Kjelder[endre | endre wikiteksten]