Francisco Costa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Costinha)
Costinha

Francisco José Rodrigues da Costa (fødd 1. desember 1974), kjend som Costinha, er ein portugisisk fotballspelar frå Lisboa. Han var med å vinne UEFA-cupen 2003 og Meisterligaen 2004 for FC Porto. I Fotball-EM 2004 spelte han på Portugals lag som tapte finalen 0-1 mot Hellas. Costinha var ein taklingssterk defensiv midtbanespelar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Costinha var aktiv i lågare divisjonar i det portugisiske seriesystemet til 1997. Han fekk då kontrakt med den franske storklubben AS Monaco og spelte i fransk fotball til 2001, med siger i seriemeisterskapen 2000 som høgdepunkt. Etter å ha vorte overført til FC Porto fekk Costinha vere med på fleire suksessrike sesongar. Våren 2003 deltok han då Porto slo skotske Celtic med 3-2 i UEFA-cupfinalen, samstundes som han og klubben hans sigra i såvel serien og den nasjonale cupmeisterskapen. Eit år seinare forsvarte Porto seriemeisterskapen, før suksessen toppa seg med meisterligatriumf i Gelsenkirchen, der hans tidlegare klubb Monaco vart påført eit 3-0-tap. Sommaren 2005 gjekk turen til Dynamo Moskva, der Costinha gjorde ein dårleg figur. I 2006/07 var han i teneste hos Atlético Madrid. Perioden 2007-10 var han solid plassert mellom reservane i italienske Atalanta.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Costinha deltok i 53 landskampar for Portugal i temmeleg nøyaktig åtte år frå oktober 1996. Han spelte for landslaget både under EM 2000 i Nederland og Belgia, EM i fotball 2004 i heimlandet og i VM i fotball 2006 i Tyskland. Under europameisterskapen på heimebane tok Portugal seg til finalekamp mot Hellas. I ein sjansefattig finale skåra Hellas det einaste målet, dermed måtte Costinha og lagkameratane nøye seg med sølvmedaljar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]