Cotonou-avtalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cotonou-avtalen er ein traktat mellom Den europeiske unionen og African, Caribbean and Pacific Group of States («ACP-landa»). Han vart signert i juni 2000 i Cotonou, den største byen i Benin, av 78 ACP-land (Cuba signerte ikkje) og femten medlemsland i EU. Cotonou-avtalen trødde i kraft i 2003, og er den nyaste avtalen i utviklingssamarbeidet mellom ACP og EU.

Føremålet med Cotonou-avtalen er å redusere og etter kvart utslette fattigdom, samtidig som han skal bidra til berekratig utvikling og at ACP-landa gradvis kjem inn i verdsøkonomien. Den reviderte Cotonou-avtalen handlar også om kamp mot straffefridom og fremjing av rettferd gjennom Den internasjonale straffedomstolen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]