Cottrell J. Hunter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cottrell J. Hunter
Statsborgarskap USA
Fødd 14. desember 1968
Washington
Død

28. november 2021 (52 år)

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 2000

Cottrell James Hunter (14. desember 196828. november 2021) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Washington DC som tok gullmedaljen i kulestøyting under VM 1999, to år etter han tok bronsen i VM 1997. Han kom i vanry etter å ha vorte avslørt for si innblanding i dopingskandalen BALCO.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hunter vann kulestevlinga i panamerika-leikane 1995 i Mar del Plata med eit støyt på 20,52 m. To år seinare tok han bronsemedaljen i same øvinga under VM 1997 i Aten, trass i moderate 20,33 m. Under VM 1999 i Sevilla låg han på andreplassen før den siste omgangen. Han slo då til med ny personbeste på 21,79 m og vart dermed verdsmeister med god margin. Ved OL-kvalifiseringa for USA i Raleigh i juni 2000 sette Hunter personleg rekord med 21,87 m.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Like etter han kvalifiserte seg til Sommar-OL 2000, vart Hunter på Bislett Games i Oslo hekta for bruk av det forbodne middelet nandrolon. Han vart der etter utestengd frå idretten og la opp. Då BALCO-saka vart rulla opp i 2003, kom for ein dag at Hunter var ein av dei mange idrettsutøvarane som systematisk hadde vore dopa over fleire år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Frå 1998 til 2001 var Hunter gift med Marion Jones.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]