Counter-Strike
Counter-Strike | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Valve Corporation |
---|---|
Utgjevar(ar) | Valve Corporation, Sierra Entertainment, Nexon |
Design(ar) | Valve Corporation, id Software, Hidden Path Entertainment, Gearbox Software, Ritual Entertainment, Nexon, Turtle Rock Studios |
Plattform(er) | Linux, Xbox, Microsoft Windows, macOS |
Sjanger | taktisk skytespill, fyrstepersonsskytespel |
Spelemodus | fleirspelar |
Counter-Strike (CS) er eit lagbasert fyrstepersonsskytespel. Det er ein modifikasjon av spelet Half-Life. Ein speler som regel Counter-Strike over Internett eller lokalnettverk mot andre menneske, sjølv om det finst datastyrte spelarar (bots) som kan lastast ned. Spelet går vanlegvis i rundar, som vanlegvis varer i to til tre minutt.
Counter-Strike går ut på at ein har to fraksjonar, anti-terroristane og terroristane, forkorta til CT og T. På forskjellige kart, med forskjellige mål, kjempar då CT og T mot kvarandre. Det lettaste måten å vinna i CS på er å drepa alle motstandarane, då har spelaren/spelarlaget ditt vunne. Men om tida går ut, ser ein på kven som har oppnådd mpla sine.
Soge[endre | endre wikiteksten]
Counter-Strike blei utvikla som ein Half-Life-modifikasjon av amerikanske Minh Le og Jess Cliffe. Første versjonen av spelet kom ut 19. juni 1999. Half-Life-utviklarane Valve kjøpte opp spelet då die såg at det raskt blei eit av verdas mest populære internettspel. Sidan har spelet blitt oppdatert av Valve ei rekkje gonger. I 2003 kom det ut ein versjon til Xbox, og våren 2004 offentleggjorde Valve Counter-Strike: Condition Zero, som i tillegg til å ha oppdatert grafikk og spelbarheit også introduserte ein einspelardel. Då Half-Life 2 kom ut med den nye spillmotoren Source, blei CS omdanna for å bruke denne motoren, og lansert som Counter-Strike: Source.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Counter-Strike» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mai 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Counter strike Game[daud lenkje] Flash Counter Strike 2D
- Counter-Strike.net
- VisioN-Gaming Community