Country Music Hall of Fame and Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Country Music Hall of Fame and Museum
Country music hall of fame2.jpg
Country Music
Hall of Fame® and Museum
Adresse222 Fifth Avenue
EigarCountry Music Association
ArkitektTuck-Hinton Architects,
Ralph Applebaum and associates
Opna1961

Country Music Hall of Fame and Museum
36°9′30″ N 86°46′34″ W

Country Music Hall of Fame and Museum er ein amerikansk institusjon og museum for countrymusikk i Nashville i Tennessee. Museet har som primæroppgåve er å samla, verna om og tolka den historiske utviklinga og tradisjonane til countrymusikken. Country Music Hall of Fame er ei æresutnemning som kom i stand frå 1961, då countrylegendene Jimmie Rodgers, Fred Rose, Hank Williams blei utnemnde som dei første æresmedlemmene. Sidan har denne æresutnemninga blitt til ein årleg seanse, og i dag er ho rekna som den største ærestilvising ein kan få innan countrymusikken. I 2015 hadde museet over 1 000 000 vitjande.

Country Music Hall of Fame and Museum[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1960-talet avgjorde leiarane av Country Music Association (CMA) at dei trengte ein ny organisasjon til å ivareta og driva eit museum for countrymusikk og driva forsking og undervising kring sjangeren. Den ikkje-kommersielle organisasjonen Country Music Foundation (CMF) blei gjeven charter av staten Tennessee i 1964, for å samla, verna om og gje ut informasjon og gjenstandar med tilknyting til countrymusikken.[1] Gjennom CMF blei det reist midlar til å byggja Country Music Hall of Fame and Museum, som blei innvigd den 1. april 1967.[2]

Den opphavlege bygningen blei utvida i 1974, 1977, og 1984. I mai 2001 blei denne erstatta av eit nytt bygg på et nytt cirka 12 000 m². Dette blei vidare utvida til cirka 32 500 m² i 2014. Museet inneheld blant anna plakettane over alle innvalde medlemmer i Country Music Hall of Fame, to teatersalar (CMA Theater med 776 sitjeplassar og Ford Theater med 213 sitjeplassar), fleire galleri og eit stort læresenter med fleire undervisingsrom.[2]

Country Music Hall of Fame[endre | endre wikiteksten]

George Strait, «King of Country Music», utnemnd i 2006

Utnemningar til Country Music Hall of Fame byrja i 1961, då dei tre første blei tekne med.[3] Selve utvelgelsen blir foretatt av ei anonym gruppe innen countrymusikkindustriern, utnevnt av CMA.[3] Å bli utnemnd er rekna som ei stor ære innan countrymusikken, og blir berre gjeven til dei mest betydningsfulle innan denne musikksjangeren.[3]

Personar og grupper som er blitt inkluderte i Country Music Hall of Fame under har kronologisk rekkefølgje.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Rumble (2009) Country Music Foundation, Tennessee Encyclopedia of History and Culture ver. 2.0. Besøkt 2017-08-12
  2. 2,0 2,1 CMHF (2017b) About. Country Music Hall of Fame and Museum, Nashville, Tennessee. Besøkt 2017-08-12
  3. 3,0 3,1 3,2 CMHF (2017c) Election process. Country Music Hall of Fame and Museum, Nashville, Tennessee. Besøkt 2017-08-12
  4. CMHF (2017) Inductees list. Country Music Hall of Fame and Museum, Nashville, Tennessee. Besøkt 2017-08-12

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]