Countryfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Country folk er ein musikksjanger og er som sjanger ganske diffus, men er eit omgrep som har vore i bruk sidan midten av 1970-åra. Kategorien omfattar som regel visesongarar som kom i kjølvatnet av Bob Dylan og som var påverka av han og countryrockartistar seint i 1960- og tidleg i 1970-åra, men som seinare føretrekte ein noko meir akustiskdominert stil med fokus på tekstar. Det viktigaste elementet som skil «country folk» frå «folk» var bruk av country- og bluegrass-instrument som mandolin, banjo, fele og resofoniske steel-gitarar.

Kategorien har òg mykje til felles med post-countryrock-retninga fleire av artistane tok bort frå hovudstraumen mot slutten av 1970-åra. Emmylou Harris gjekk mot ein ny-tradisjonell country og Chris Hillman mot progressiv bluegrass. Mot starten av 1990-åra inspirerte desse stilane, i tillegg til andre, musikalske blandingar som alternativ country og americana, men «country folk» har likevel framleis blitt brukt som omgrep for å skildre songarar som Iris DeMent og Gillian Welch.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]