County Commercial Cars Limited

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein County-traktor.

County Commercial Cars Limited var eit britisk firma som spesialiserte seg på å bygge om tohjulstrekktraktorar til firehjulstrekk. Firmaet starta 1929 med å bygge om toaksla lastebilar til treaksla med tandemdrift bak. Dei begynte seinare å bygge om traktorar til firhjulsdrift. Den fyrste populære modellen var ein ombygd Fordson Major. Traktorane var opphavleg tenkt som jordbrukstraktorar, men på grunn av god framkommelegheit vart dei òg populære i anleggsbransjen og i skogbruket. I Noreg var dei fleste Countyane utstyrte som traktorgravarar. I 1983 gjekk firmaet konkurs, men vart reetablert som County Tractors Limited. Ombygginga av traktorar heldt fram til 1987 då firmaet vart kjøpt opp av Benson Group. Etter dette vart berre nokre få traktorar ombygde; den siste i 1990.