County Longford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
County Longford
Contae an Longfoirt
Våpen
Land  Irland
Del av Irland
Hovudstad Longford
Areal 1 091 km²
Folketal 34 661  (2006)
Folketettleik 32 / km²
Provins Leinster
Bilnummer LD
Kart
County Longford
53°40′0″ N 7°45′0″ W
Wikimedia Commons: County Longford
Nettstad: www.longford.ie

County Longford (irsk Contae an Longfoirt) er eit grevskap i Republikken Irland sentralt på Irland i provinsen Leinster. Med om lag 35 000 innbyggjarar er det eit av dei minste grevskapa på Irland. Det er administrative senteret er byen Longford.

County Longford grensar til Leitrim og Cavan i nord, Roscommon i vest og Westmeath i sør og aust.

Det meste av Longford ligg i nedslagsfeltet til Shannonelva, som utgjer den vestlege grensa til grevskapet. Den store innsjøen Lough Ree ligg i Longford. Den nordaustlege delen av grevskapet høyrer derimot til nedslagsfeltet til elva Erne og mykje av Lough Gowna ligg òg i Longford. Typisk landskap i Longford er innsjøar, myrområde og beitemarker. Longford er generelt lågtliggande og det høgaste punktet er Carn Clonhugh i nordvest med ei høgd på 279 meter over havet.

Det ligg fleire ruinar etter klostersamfunn ved Ardagh, Abbeylara, Abbeyderg, Abbeyshrule, Inchcleraun Island i Lough Ree og Inchmore Island i Lough Gowna.

Bortsett frå byen Longford finn ein følgjande byar og landsbyar i County Longford:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]