Courbethalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Courbethalvøya
halvøy
Land  Frankrike
Stad Kerguelen
 - koordinatar 49°15′S 70°12′E / 49.250°S 70.200°E / -49.250; 70.200
Kart
Courbethalvøya
49°15′S 70°12′E / 49.25°S 70.2°E / -49.25; 70.2
Plasseringa til Courbethalvøya på fastlandet av Kerguelen
Plasseringa til Courbethalvøya på fastlandet av Kerguelen
Plasseringa til Courbethalvøya på fastlandet av Kerguelen

Courbethalvøya eller Péninsule Courbet er ei stor halvøy nordaust på hovudøya, Grande Terre, i den subantarktisk øygruppa Kerguelen sør i Indiahavet. På sørkysten av halvøya ligg den franske forskingsstasjon Port-aux-Français, den einaste permanente busetnaden på øygruppa. Tidlegare låg det eit observatorium på Molloy, 10 km vest for Port-aux-Francaer langs nordkysten av Morbihanbukta, oppretta 7. september 1874 av ein amerikansk ekspedisjon leia av G. P. Ryan for å observere Venuspassasjen i 1874.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Courbethalvøya er relativt flat og består hovudsakleg av avsetningar frå isbrear. På austsida er ikkje høgda høgare enn 200 meter over havet, medan vestsida er meir kupert med høgder opp mot 500 moh. Ho inneheld mange myrer, men i dei indre områda er det meir tørt og med lite vegetasjon.[1] Halvøya er kring 55 km lang og kring 10 km brei i vest og meir enn 20 km brei lenger aust. Sørkysten av halvøya dannar nordsida av Morbihanbukta. På søraustsida ligg Norwegian Bay. Det austlegaste neset på halvøya, og på Grande Terre, er Cape Ratmanoff, og nord på dette neset ligg Marlysjøen. Litt lenger nord ligg Cape Digby, som er nordaustenden på halvøya. Det nordlegaste punktet på halvøya er Cape Cotter.

Viktig fugleområde[endre | endre wikiteksten]

Mykje av halvøya har av BirdLife International status som viktig fugleområde (IBA) på grunn av dei mange fuglane som hekkar her, særleg sjøfuglar. Minst 22 artar hekkar her. Tre store koloniar med kongepingvinar finst på nordvestkysten, med i alt 172 400 par. Det er fleire gulltoppingvinkoloniar langs nordkysten. Det indre av området er viktig for den største populasjonen av kerguelenand. Det finst kring 300 par vandrealbatrossar og opp til 800 par nordkjempepetrellar. Her finst òg mykje hekkande bøylepingvinar, kerguelenskarv, maskeslirenebb, sørhavsjo, kerguelen- og sørhavsterne, og taremåser.[1]

Her finst òg den største ynglestaden for sørleg elefantsel i øygruppa med 43 782 hoer i 1997. På halvøyar er det òg ein ynglande koloni med antarktisk pelssel.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International. (2012). Important Bird Areas factsheet: Péninsule Courbet. Henta frå http://www.birdlife.org on 17. oktober 2012.