Court and Spark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Court and Spark
Studioalbum av Joni Mitchell
Språk engelsk
Utgjeve 17. januar 1974
Innspelt 1973
Studio A&M, Hollywood[1]
Sjanger
Lengd 36:58
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi 
For the Roses
(1972)
Court and Spark Miles of Aisles
(1974)


Singlar frå Court and Spark
  1. «Raised on Robbery»
    Utgjeve: Desember 1973
  2. «Help Me»
    Utgjeve: Mars 1974
  3. «Free Man in Paris»
    Utgjeve: Juli 1974

Court and Spark er det sjette studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, utgjeve i januar 1974. Det selde raskt og godt og fekk god omtale. Albumet er blitt skildra som pop, men blanda òg inn folkrock-stilen til Mitchell, som ho hadde på dei tidlegare fem albuma sine, i lag med element av jazz.

Albumet nådde andreplassen i USA og gjekk heilt til topps i heimlandet Canada. Det selde til slutt til dobbel platinaplate i USA og var det bestseljande albumet gjennom karrieren hennar.[4] Det nådde òg topp 20 i Storbritannia og vart kåra til det beste albumet i 1974 i Pazz & Jop-lista i The Village Voice, laga av ei rekkje kritikarar.[5] I 2003 vart albumet plassert på 111. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1973 var det første året sidan Mitchell starta karrieren sin at ho ikkje gav ut eit nytt album. Det førre albumet hennar For the Roses kom ut i november 1972 til god kritikk og selde godt. Så Mitchell valde å bruke det neste året på å skrive og spele inn eit nytt album, der ho utforska den nye interessa si for jazz. I løpet av 1973 heldt ho langt færre konsertar enn tidlegare. Ho spelte i april ein veldedigheitskonsert på Sir George Williams University Auditorium og to gonger i august i The Corral Club, i lag med Neil Young. Ho brukte det meste av året i platestudio, der ho spelte inn Court and Spark. Mitchell og lydteknikaren Henry Lewy henta inn ei rekkje av dei beste musikarane i Los Angeles for innspelinga av albumet, inkludert medlemmar av The Crusaders, Tom Scott-bandet L.A. Express, Robbie Robertson, David Crosby & Graham Nash og til og med litt komikk frå Cheech & Chong.

Til slutt gav Reprise ut ein ny singel i desember, den første på over eit år, «Raised on Robbery».[7] Publikum vart teken på senga over at Mitchell hadde gjeve ut ein rock'n'roll-song i 1950-talsstil. Singelen nådde berre 65. plassen på Billboard Singles Chart i februar 1974, kanskje på grunn av den nye, uventa retninga hennar.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[9]
Christgau's Record GuideA[11]
MusicHound5/5[12]
Pitchfork Media10/10[10]
Paul Roland5/5 stars[15]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[13]
Slant Magazine5/5 stars[14]
Martin C. Strong9/10[15]
Virgin Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[15]

Court and Spark kom ut i januar 1974. Kritikarane og tilhengjarane tok varmt i mot albumet, og den neste singelen hennar, «Help Me», som kom ut i mars, oppnådde stor suksess. Han vart mykje spelt på radio og vart den første og einaste Topp 10-plasseringa hennar på Billboardlista, då singelen nådde 7. plassen den første veka i juni. Songen gjekk til topps på Adult Contemporary-lista.

Court and Spark selde særs godt og nådde andreplassen på Billboardlista, og låg der i fire veker. Albumet vart det bestseljande albumet til Mitchell og låg der i fire veker. Berre Bob Dylan sitt Planet Waves, Barbra Streisand sitt The Way We Were og John Denver sitt Greatest Hits heldt albumet unna førsteplassen.[16] Det nådde derimot toppen av dei amerikanske Cashbox og Record World-listene i ei veke kvar.[17][18]

I eit intervju i juli 1979 med Cameron Crowe for Rolling Stone, fortalte Mitchell at ho spelte Court & Spark for Bob Dylan like etter ho hadde spelt det inn, og at han sovna under gjennomlyttingar.[19]

Songaren Stevie Nicks fortalte at ho tok LSD til albumet: «Eg var med produsenten min, heime hos han, føre nokre høgtalarar som var høgare enn peisen hans, og eg var på ein trygg stad. Og eg sat der på golvet og lytta til denne plata. Det var ei ganske dynamisk oppleving.»[20]

Ærevisingar[endre | endre wikiteksten]

  • 27. februar 1974 hadde Court and Spark seld til gullplate i USA og 12. desember 1997 hadde det oppnådd dobbel platinaplate for to millionar selde eksemplar.[21]
  • I 1974, vart Court and Spark stemnd fram som årets album i The Village Voice av ei rekkje kritikarar.
  • Albumet vart stemt fram til 116. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums i 2000.[22]
  • Rolling Stone har publisert tre lister over dei 500 beste albuma gjennom tidene og Court and Spark har vore med på alle utgåvene. I 2003 var det rangert på 111. plassen, i 2012 på 114. plassen og i 2020 på 110. plassen.[23]
  • I 2006 vart Court and Spark inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[24]
Grammyprisar
År Kandidat/verk Pris Resultat
1975 Court and Spark Album of the Year[25] Nominert
«Help Me» Årets singel[26] Nominert
Beste kvinnelege popsong[27] Nominert
«Down to You» (arrangør: Joni Mitchell and Tom Scott) Beste instrumentalt arrangement som akkompagnement for ein vokalist[28] Vinnar

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Court and Spark»2:46
2.«Help Me»3:22
3.«Free Man in Paris»3:02
4.«People's Parties»2:15
5.«Same Situation»2:57
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Car on a Hill» 3:02
7.«Down to You» 5:38
8.«Just Like This Train» 4:24
9.«Raised on Robbery» 3:06
10.«Trouble Child» 4:00
11.«Twisted»Annie Ross, Wardell Gray2:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
Teknisk
  • Joni Mitchell — plateprodusent
  • Henry Lewy and Ellis Sorkin — lydteknikarar
  • Anthony Hudson – kunstnarisk leiar, design
  • Joni Mitchell – måleri
  • Norman Seeff — fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australske Kent Music Report[29] 34
Kanadiske RPM-lista[30] 1
Noreg - VG-lista[31] 18
UK Albums Chart[32] 14
U.S. Billboard Pop Albums[33] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Den kanadiske albumlista[34] 23
U.S. Billboard Pop Albums[35] 13

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé
USA (RIAA)[36] 2× Platina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bego, Mark (26. mai 2005). Joni Mitchell. ISBN 9781589792210. 
  2. Landau, Jon (28. februar 1974). «Review: Joni Mitchell Strikes a Delicate Balance on 'Court and Spark'». 
  3. Ankeny, Jason (2011). «The Hissing of Summer Lawns – Joni Mitchell | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. januar 2021. 
  4. «Gold & Platinum – August 07, 2010». RIAA. Arkivert frå originalen 2. september 2008. Henta 25. januar 2021. 
  5. «The 1974 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice. 20. januar 1975. Henta 21. mars 2005. 
  6. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «111 | Court and Spark – Joni Mitchell». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Arkivert frå originalen 4. november 2011. Henta 21. mars 2005. 
  7. «Joni Mitchell: «Raised On Robbery» (1973)». Progrography. 16. september 2019. Henta 24. juli 2020. 
  8. «Joni Mitchell». Billboard. Henta 24. juli 2020. 
  9. Ankeny, Jason. Court and SparkAllmusic. Henta 25. januar 2021.
  10. «Joni Mitchell: The Studio Albums 1968–1979». Pitchfork. 
  11. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. januar 2021 – via robertchristgau.com. 
  12. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2. 
  13. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Joni Mitchell». The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 547. ISBN 0-7432-0169-8. Arkivert frå originalen 31. juli 2011. Henta 21. august 2011. 
  14. Walsh, Barry (3. september 2004). «Joni Mitchell Court and Spark > Review». Slant Magazine. Henta 25. januar 2021. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «Joni Mitchell Court and Spark». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 14. oktober 2013. Henta 24. januar 2021. 
  16. Sharon Mawer. «US number two albums». Freespace.virgin.net. Arkivert frå originalen 17. april 2009. Henta 25. januar 2021. 
  17. «RECORD WORLD MAGAZINE: 1942 to 1982». americanradiohistory.com. Henta 25. januar 2021. 
  18. «CASH BOX MAGAZINE: Music and coin machine magazine 1942 to 1996». www.americanradiohistory.com. Henta 25. januar 2021. 
  19. Rolling Stone article: «The Rolling Stone Joni Mitchell Interview», by Cameron Crowe. 26. juli 1979.
  20. Simmons, Sylvie (May 2008). «The Q Interview». Q (262): 112. 
  21. «Gold & Platinum». RIAA. 
  22. Colin Larkin, red. (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 79. ISBN 0-7535-0493-6. 
  23. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone's definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 19. september 2019. 
  24. «1001 Albums you must hear before you die – The 70s». RateYourMusic.com. 
  25. «GRAMMYs' Best Albums 1970–1979». grammy.org. Arkivert frå originalen 4. mars 2014. Henta 29. april 2014. 
  26. «Rock On The Net: Grammy Awards: Record of the Year». Henta 25. januar 2021. 
  27. «Rock On The Net: Grammy Awards: Best Pop Solo Performance». Henta 2. februar 2014. 
  28. «Past Winners Search». National Academy of Recording Arts and Sciences. Henta 29. april 2014. 
  29. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  30. «Top Albums/CDs – Volume 21, No. 7». RPM. 30. mars 1974. Arkivert frå originalen (PHP) 26. januar 2021. Henta 26. januar 2021. 
  31. «norwegiancharts.com Joni Mitchell – Court and Spark» (ASP). Henta 26. januar 2021. 
  32. «Joni Mitchell > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 28. april 2014. 
  33. «Allmusic: Court and Spark : Charts & Awards». allmusic.com. Henta 28. april 2014. 
  34. «RPM Top 100 Albums of 1974». RPM. Arkivert frå originalen 26. januar 2021. Henta 3. oktober 2011. 
  35. «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1974». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 28. april 2014. 
  36. «American album salstrofé – Joni Mitchell – Court and Spark». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH