Cowgirl's Prayer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cowgirl's Prayer
Studioalbum av Emmylou Harris
Språk engelsk
Utgjeve 28. september 1993
Innspelt Nashville, 1993
Sjanger Country, Countrypop
Lengd 42:19
Selskap Warner Bros. Nashville
Produsent Allen Reynolds, Richard Bennett
Emmylou Harris-kronologi 
At the Ryman
(1992)
Cowgirl's Prayer Wrecking Ball
(1995)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
Chicago Tribune4/4 stars[2]
Entertainment WeeklyA+[3]
Los Angeles Times3.5/4 stars[4]
Orlando Sentinel4/5 stars[5]
Rolling Stone3.5/5 stars[6]

Cowgirl's Prayer er det syttande studioalbumet til den amerikanske countryartisten Emmylou Harris, utgjeve 28. september 1993 på Warner Bros. Records. Det kom like etter det akustiske konsertalbumet At the Ryman i 1992, og er ei samling med liknande, rolege songar, i tillegg til eit par meir rocka songar som «High Powered Love», den første singelen frå albumet. Albumet kom ut på ei tid då eldre artistar (dei over 40) vart droppa frå spelelistene til countrystasjonane, og albumet vart lite spelt på radio, trass i positive meldingar. Det selde derfor dårleg og er ei av årsakene til at Harris valde å gå for ein meir røffare stil på dei neste albuma hennar, frå og med Wrecking Ball i 1995. Cowgirl's Prayer er slik sett det siste streite countryalbumet til Harris.

Trass i at det ikkje vart spelt på radio, vart det laga musikkvideoar for dei tre singlane frå albumet, «High Powered Love», den Cajun-aktige «Crescent City» og Jesse Winchester sin «Thanks to You». Desse vart alle mykje vist på CMT.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«A Ways to Go»Lainie Marsh3:38
2.«The Light»Kieran Kane, Emmylou Harris2:29
3.«High Powered Love»Tony Joe White3:08
4.«You Don't Know Me»Eddy Arnold, Cindy Walker3:07
5.«Prayer in Open D»Emmylou Harris4:17
6.«Crescent City»Lucinda Williams3:31
7.«Lovin' You Again»Roger D. Ferris5:31
8.«Jerusalem Tomorrow»David Olney4:17
9.«Thanks to You»Jesse Winchester3:56
10.«I Hear a Call»Tony Arata2:50
11.«Ballad of a Runaway Horse»Leonard Cohen5:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Larry Atamanuik – perkusjon, trommer
  • Sam Bacco – perkusjon
  • Richard Bennett – akustisk, tremolo, elektrisk gitar, perkusjon, tamburin, produsent, mandocello, lys gitar
  • Mike Brignardello – bass
  • Sam Bush – fele
  • Emory Gordy jr. – strykearrangement
  • Emmylou Harris – akustisk gitar, harmonivokal
  • David Hoffner – Hammondorgel
  • Roy Huskey jr. – akustisk bass
  • Kieran Kane – nylonstrengsgitar
  • Chris Leuzinger – akustisk og elektrisk gitar
  • Sam Levine – klarinett, fløyte
  • Al Perkins – pedalsteelgitar, steelgitar
  • Milton Sledge – perkusjon, trommer
  • Jay Spell – piano, trekkspel
  • Bobby Wood – orgel, elektrisk piano
  • Bob Wray – bass
  • Alison Krauss – korvokal
  • Suzanne Cox – korvokal
  • Mary Ann Kennedy – harmonivokal
  • Jana King – harmonivokal
  • Trisha Yearwood – klapping, harmonivokal
  • Kathy Chiavola – klapping, harmonivokal
  • Ashley Cleveland – klapping, harmonivokal
  • Lori Brooks – harmonivokal
  • Edgar Meyer – kontrabass
  • Jon Randall – harmonivokal
  • Pam Rose – harmonivokal
  • Hurshel Wiginton – harmonivokal
  • Dennis Wilson – harmonivokal
  • Kris Wilkinson – bratsj
  • Connie Heard – fiolin
  • Grace Bahng – cello
Teknisk
  • Allen Reynolds og Richard Bennett– produsent
  • Mark Miller – lydteknikar, miksing
  • Richard Aspinwall – assisterande lydteknikar
  • Joe Loesch – spesialeffektar
  • Robin Lynch – kunstnarisk leiar
  • John Heiden – design
  • Tim White – fotografi


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1993) Plassering
U.S. Billboard Top Country Albums 34
U.S. Billboard 200 152
Canadian RPM Country Albums 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]