Craig Doerge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Craig Doerge
Fødd1947
OpphavUSA
Instrumentpiano
Verka sompianist, låtskrivar

Craig Doerge (fødd i 1947 i Cleveland i Ohio) er ein USA-amerikansk klaverspelar, låtskrivar og studiomusikar.

Han flytta til Los Angeles i midten av 1960-åra for å arbeide som studiomusikar og låtskrivar for A&M Records, og med Jim Keltner og andre på musikk for teiknefilmar. Etter å ha spelt på GTOs-albumet Permanent Damage, slo han seg saman med Judy Henske og Jerry Yester i bandet Rosebud, og seinare gifta han seg med Henske. Frå tidleg i 1970-åra spelte han på mange innspelingar, mellom andre med Lee Hazlewood og Linda Ronstadt, og han spelte òg inn eit soloalbum for Columbia Records i 1974.[1][2]

Han skipa The Section, ei supergruppe av studiomusikarar, med Danny Kortchmar, Leland Sklar og Russ Kunkel, som spelte inn tre hovudsakleg instrumentale album tidleg og midt i 1970-åra. Dette bandet fortsette inn i 1980-åra og spelte på innspelingar og turnear med Crosby, Stills and Nash, James Taylor og Jackson Browne.[1][2]

Doerge var òg låtskrivar i lag med Browne, David Crosby, Paul Williams og andre, og har skrive filmmusikk. I nyare år har han produsert to album for kona, Judy Henske.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Craig Doerge på Allmusic.com
  2. 2,0 2,1 2,2 Biografi på Craig Doerge si nettside