Craig Frost
| Craig Frost | |||
| Fødd | 20. april 1948 (77 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Flint i Michigan i USA | ||
| Opphav | USA | ||
| Aktiv | 1960 til i dag | ||
| Sjanger | rock, hardrock | ||
| Instrument | Klaverinstrument, piano, orgel, synth | ||
| Tilknytte artistar | Flint, Grand Funk Railroad, Bob Seger & The Silver Bullet Band | ||
| Plateselskap | Capitol, MCA, Full Moon | ||
| Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Craig Frost (fødd 20. april 1948) er ein USA-amerikansk klaverspelar, mest kjend som medlem i Bob Seger & The Silver Bullet Band og tidlegare i Grand Funk Railroad. Han spelar orgel, synthesizer og piano.
Frost kom med i Grand Funk medan dei var ein power trio, og vart eit firemannsband. Grand Funk fekk dei største hittane sine etter at Frost kom med i bandet i 1972. Han skreiv òg songar for Grand Funk saman med trommeslagaren Don Brewer.
Etter Grand Funk Railroad vart oppløyst i 1977, gjekk Frost saman med dei tidlegare Grand Funk-kollegaene Don Brewer og bassisten Mel Schacher og danna det kortvarige bandet Flint. Etter at Flint vart oppløyst kom Frost med i Bob Seger & The Silver Bullet Band, der han var i over to tiår. I 2000-åra har Frost fleire gonger spelt live med Grand Funk igjen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Craig Frost» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2016.