Hopp til innhald

Craonne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Craonne
kommune
Vegen inn til Craonne
Våpenskjold
Land  Frankrike
Region Picardie
Distrikt Aisne
Areal 8,62 km²
Folketal 77
Kart
Craonne
49°26′24″N 3°47′12″E / 49.44°N 3.7866666666667°E / 49.44; 3.7866666666667
Wikimedia Commons: Craonne

Craonne (lokal uttale /krɑn/) er ein kommune i Aisne-departmentet i Picardie nord i Frankrike.

Craonne ligg midtvegs mellom Laon og Reims, 18,5 km sørvest for Laon. Elva Ailette utgjer ein del av den nordre kommunegrensa.

Ei grav frå øydelagde gamle Craonne.

Landsbyen var åstad for slaget ved Craonne under Den sjette koalisjonskrigen, ein av Napoleonskrigane, i 1814. Han blei vidare totaløydelagd under Chemin des Dames-slaga under første verdskrigen. Den tidlegare busetnaden er i dag eit arboret, medan den nye landsbyen blei bygd i 1920-åra, sørvest for den gamle.

  • Denne artikkelen bygger på «Craonne» frå Wikipedia på engelsk, og «Craonne» frå Wikipedia på fransk den 20. april 2014.
  • «Fiche communale», le site de l'Insee, henta 23. november 2013
  • Stéphane Audoin-Rouzeau (24. april 2007), 2000 ans d'histoire, France Inter
  • David Malescourt, «Aisne > Craonne (02160)», le site habitants.fr d'une société commerciale, henta 23. november 2013
  • «Orthodromie entre Craonne et Laon», lion1906.com av Lionel Delvarre, arkivert frå originalen 2013-12-03, henta 23. november 2013 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Craonne