Crary Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 76°48′S 117°40′W
Crary Mountains
fjellkjede
CraryMtnsMap.jpg
Crary Mountains
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 76°48′S 117°40′W
Administrert under Antarktistraktaten

Crary Mountains
76°48′0″ S 117°40′0″ W
Crary Mountains is located in Antarktis
Crary Mountains (Antarktis)

Crary Mountains er ei gruppe isdekte fjell i Antarktis som strekkjer seg over 56 km. Det høgaste fjellet er Mount Frakes på 3655 moh og andre fjell er Mount Rees, Mount Steere og Boyd Ridge. Fjella ligg 80 km sørvest for Toney Mountain i Marie Byrd Land.

Fjella var truleg blant dei fjella som admiral Byrd og andre medlemmar av USAS såg på flyturar frå skipet «Bear» den 24. og 25. februar 1940. Dei vart kartlagde i 1957-58 under ein tur frå Byrd-stasjonen til Sentinel Range leia av C.R. Bentley, og kalla opp etter Albert P. Crary, som då var deputert sjefsforskar for USA under Det internasjonale geofysiske året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]