Crati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crati
elv
Crati i Calabria
Land  Italia
Nedslagsfelt 2 440 km²
Lengd 91 km
Kjelde Silafjella
 - høgd 1 742 moh.
Munning Tarantobukta
Kart
Crati
39°43′25″N 16°31′45″E / 39.723611°N 16.529167°E / 39.723611; 16.529167
Wikimedia Commons: Crati river

Crati (i antikken kalla Crathis eller Crater) er ei av dei viktigaste elvane i Bruttium (det moderne Calabria) og i nordlege område danna ho grensa til Lucania. Ho har utspring i den sentrale fjellkjeda, Silafjella, i Bruttium, eit par kilometer sør for Consentia (i dag Cosenza) og renn ved bymurane til byen. Ho renn nordover, om lag midt på halvøya Calabriafram til grensa til Lucania, der ho brått snur austover og munnar ut i Tarantobukta, like sør for den antikke byen Thurii.

Ei av sideelvane til Crati er Coscile (i antikken kalla Sybaris). Sletta som Crati renn over var i antikken kjend som ein frodig stad, men i dag er ho myrlendt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]