Muskogeefolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Creekfolk)
Muskogeekvinna Tchow-ee-pút-o-kaw måla i 1834 av George Catlin.
Alexander Posey, muskogeediktar frå Oklahoma.

Muscogee- eller muskogeefolk, også kjend som creekfolk, er ei gruppe nordamerikanske urfolk frå området som no utgjer søraustlege USA. I dag bur muskogeefolk hovudsakleg i Oklahoma, Alabama, Georgia og Florida. Det tradisjonelle språket deira er muskogee (mvskoke på muskogee). I dag finst det rundt 72 000 menneske som reknar seg som muskogeefolk i USA.[1]

Muskogeefolka stammar frå Mississippikulturen, som er kjend for å ha bygd haugar i vide område rundt Mississippi. Dei kan ha vore i kontakt med tidlege spanske utforskarar allereie på midten av 1500-talet.[2]

Under George Washington sin «siviliseringsplan» på 1700-talet var muskogeefolka rekna som dei første «siviliserte» indianarane, og på 1800-talet blei dei rekna som ein av «fem siviliserte stammar» ettersom dei hadde teke til seg ei rekkje kulturelle og teknologiske skikkar frå dei europeisk-ætta naboane sine.

I 1799 proklamerte William Augustus Bowles, ein veteran frå den amerikanske sjølvstendekrigen som budde blant muskogeeane, Muskogee-staten (State of Muskogee) som skulle sameina dei lokale stammane mot det veksande USA. Bowles blei teken til fange i 1803 og staten oppløyst.

I 1813 braut Creek-krigen ut mellom fraksjonen «Red Sticks», ei gruppe unge menn som ville tilbake til tradisjonelle levesett, og andre muskogeefolk. Borgarkrigen blei etterkvart ein del av 1812-krigen mellom USA og Storbritannia, der britane gav støtte til Red Sticks medan amerikanske militsar og ulike stammar kjempa for den andre sida. Andrew Jackson leidde ein styrke som vann over Red Sticks i slaget ved Horseshoe Bend i 1814. I Fort Jackson-traktaten fekk Jackson overført store landområde både frå allierte og overvunne muskogeefolk.

Under den etniske reinsinga kjend som «Indian Removal» på 1830-talet blei størsteparten av muskogeefolka tvangsflytta til «Indianarterritoriet» i midten av USA. I dag er «Muscogee (Creek) Nation», «Alabama-Quassarte Tribal Town», «Kialegee Tribal Town» og «Thlopthlocco Tribal Town» føderalt anerkjende stammar i Oklahoma. I tillegg finst «Poarch Band of Creek Indians» i Alabama, «Coushatta Tribe of Louisiana» og «Alabama-Coushatta Tribe of Texas».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 69 162 er medlemmer i Muscogee (Creek) Nation ("Pocket Pictorial." Oklahoma Indian Affairs Commission. 2010: 23., henta 16. juli 2010); 2 340 medlemmer i Poarch Band of Creek Indians ("Culture." Poarch Band of Creek Indians, henta 16. juli 2010).
  2. Walter, Williams (1979). «Southeastern Indians before Removal, Prehistory, Contact, Decline». Southeastern Indians: Since the Removal Era. Athens, Georgia: University of Georgia Press. s. 7–10. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Muskogeefolk