Hopp til innhald

Cres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cres
Landsbyen Beli med øya Krk i bakgrunnen.
Landsbyen Beli med øya Krk i bakgrunnen.
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44°57′N 14°24′E

Areal 405,70 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Primorje-Gorski Kotar
Største busetnad Cres (2 185 innb.)

Demografi
Folketal 2 849 (2021[1])

Cres (italiensk Cherso, latin Crepsa) er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho er ei av dei nordlege øyane i Kvarnerbukta (italiensk Quarnero), og ein kan nå øya via ferje frå øya Krk (italiensk Veglia) eller frå Istria-halvøya (linja Brestova-Porozina).

Med eit areal på 405,70 km² er Cres den største kroatiske øya, berre så vidt større enn naboøya Krk (som ein lenge trudde var den største).

Cres og naboøya Lošinj var ein gong ei øy, men vart delt av ein kanal, og forbunde med ei bru ved landsbyen Osor (italiensk Ossero). Den einaste ferskvasskjelda på Cres er Vranasjøen.

Administrativt høyrer den nordlege delen av øya til bykommunen Cres, medan den sørlege delen er administrert saman med naboøya Losinj og nokre småøyar som bykommunen Mali Lošinj.

Øya Cres hadde 2 849 innbyggjarar i 2021, kommunen hadde 2 716 og sjølve byen hadde 2 185 innbyggjarar.[1]

Landsbyar på Cres

[endre | endre wikiteksten]

Det er mange landsbyar på øya, som alle er knytte saman av ein enkel veg som går langs midten av øya. På eine sida av øya går det ei ferje til fastlandet (nær byen Pula), og på den andre sida går det ei bru over til Mali Lošinj (italiensk Lussinpiccolo), som òg er vorte separert av ein kanal. Landsbyar på øya inkluderer:

  • Porozina (italiensk Faresina) - Ein liten landsby som berre har ein ferjekai og nokre små butikkar.
  • Beli (italiensk Caisole) - Den minste landsbyen på øya ved enden av ein svært smal veg. Han er heim til ein svært vidkjend fugl, den utryddingstrua gåsegribben.
  • Cres (italiensk Cherso) - Sjå under.
  • Orlec (italiensk Aquilonia) - Ein annan liten landsby på enden av ein smal veg, der ein òg kan sjå gåsegribb.
  • Valun (italiensk Vallon) - Ein bilfri landsby.
  • Lubenice (italiensk Lubenizze) - Ein gamal fjellandsby med flott utsyn over sjøen og naboøya.
Stivanstanda
  • Stivan (italiensk San Giovanni) - Ein vakker liten landsby med 16 innbyggjarar og ei lita privat strand, gamle hus og ei kyrkje.
  • Miholascica (italiensk San Michele) - Ein liten landsby med ei lita kyrkje med same namn (San Michele).
  • Martinscica (italiensk San Martino) - Her ligg eit stort feriekompleks kalla Slatina, med vakre strender og fine kafèar.
  • Osor (italiensk Ossero) - Ein landsby på «grensa» mellom to øyar. Han vart grunnlagd av romarane som òg grov kanalen som delte øya, som då var kalla Osor, inn i Cres og Lošinj (italiensk Lussino). Hamna og eit større kommersielt senter byrja å visne då skipa vart for store til å kome gjennom den smale kanalen.

Tettstaden Cres

[endre | endre wikiteksten]
Hamna i Cres

Tettstaden Cres er ein liten by med eit sentrum med butikkar og restaurantar. Han har òg ei lita båthamn i midten av byen, ein kino med filmar på kroatisk. Landsbyen er ikkje bygd for bilar, og har berre gågater, og kan minne om Venezia med dei smale gatene. Det finst fleire parkeringsplassar rundt byen. Cres har ei større båthamn i nærleiken.

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Folketal 2001[2] Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Cres kommune 2 959 2 879 2 716
Del av Mali Lošinj kommune[a] 225 200 133
Øya Cres 3 184 3 079 2 849

Dei største busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:

Kommune Folketal 2001[2] Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Cres Cres 2 333 2 289 2 185
Martinšćica Cres 155 132 103
Orlec Cres 122 92 88
Valun Cres 62 65 64
Beli Cres 35 47 54
Punta Križa Mali Lošinj 61 63 46

Cres har ein ferskvassinnsjø, som er godt verna og som det er forbode å symje eller fiske i. Innsjøen gjev vatn til naboøya Lošinj i tillegg til Cres. Han er ein av dei djupaste innsjøane i Aust-Europa, og er 76 meter på det djupaste (meir enn 50 meter under havnivå).[4]

Segna om Vranasjøen er at det er eit slott under vatnet. Ei rik søster ville ikkje gje pengar til si fattige søster, og vart straffa ved at slottet hennar vert sett under vatn. På vindfulle dagar kan ein visstnok høyre bjella i toppen av tårnet ringe.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Busetnadene Belej, Osor, Punta Križa og Ustrine
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. 
  2. 2,0 2,1 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025. 
  3. 3,0 3,1 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025. 
  4. Roland Schmidt, Jens Müller, Ruth Drescher-Schneider, Robert Krisai, Krystyna Szeroczyńska, Ante Barić; Changes in lake level and trophy at Lake Vrana, a large karstic lake on the Island of Cres (Croatia), with respect to palaeoclimate and anthropogenic impacts during the last approx. 16,000 years, J. Limnol., 59(2), 2000, 113-130.