Cressida Cowell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cressida Cowell

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. april 1966 (58 år)
London
Yrke skribent, barnebokforfattar, forfattar, illustratør, biletkunstnar
Språk engelsk
Far Michael Hare, 2nd Viscount Blakenham
Mor Marcia Persephone Hare
Ektefelle Simon Michael Cowell
Born Maisie Cowell, Clementine Cowell, Alexander Cowell
Signatur
Cressida Cowell på Commons

Cressida Cowell (fødd 15. april 1966)[1] er ein engelsk forfattar av barne- og ungdomslitteratur. Ho er særleg kjend for serien How to Train Your Dragon, Dragetreneren, som er blitt filmatisert av DreamWorks Animation. Serien har seld i over sju millionar eksemplar over heile verda.[2] Ho har også samarbeid med illustratøren Neal Layton om barnebokserien om Emily Brow,[3] der den første bok, That Rabbit Belongs to Emily Brown, vann ein Nestlé-barnebokpris.

Cowell vart fødd i London, og voks opp der med fleire sommaropphald på ei lita, folketom øy ved vestkysten av Skottland.[4] Draketrenar-serien hennar skal ha blitt inpirert av desse opphalda i Dei indre Hebridane.[5]

Cowell er utdanna innan litteratur og design. Ho studerte engelsk ved Keble College i Oxford og illstrasjon ved Saint Martin's School of Art og Brighton University. Ho byrja karrieren som illustratør, men blei etter kvart ein suksessrik forfattar av bilde- og barnebøker.

Cressida Cowell bur i London[6] med ektemannen Simon, ein tidlegare leiar for International Save the Children Alliance, døtrene Maisie og Clementine og sonen Alexander.[7]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Fleire av bøkene hennar om Dragetreneren er omsette til norsk, av Sverre Knudsen.

Bøkene om Dragetreneren - How to Train Your Dragon
  • 2003 Dragetreneren (Engelsk How to Train Your Dragon)
  • 2004 Pirathåndboka (How to Be a Pirate)
  • 2005 Lær å snakke dragonesisk (How to Speak Dragonese)
  • 2006 Drageforbannelsen (How to Cheat a Dragon's Curse)
  • 2007 Ikke slukk en drages flamme (How to Twist a Dragon's Tale)
  • 2008 Dødelige drager (A Hero's Guide to Deadly Dragons)
  • 2008 Dragestorm (How to Ride a Dragon's Storm)
  • 2009 How to Break a Dragon's Heart
  • 2011 How to Steal a Dragon's Sword
  • 2012 The Day of the Dreader
  • 2012 How to Seize a Dragon's Jewel
  • How to Betray a Dragon's Hero (2013)
  • How to Fight a Dragon's Fury (2015)
  • The Complete Book of Dragons: A Guide to Dragon Species (2014)
  • A Journal for Heroes (2015)
Emily Brown
  • That Rabbit Belongs to Emily Brown
  • Emily Brown and the Thing
  • Emily Brown and the Elephant Emergency
  • Cheer Up Your Teddy Bear, Emily Brown!
  • Little Bo Peep’s Troublesome Sheep
Andre bøker
  • Don’t Do That Kitty Kilroy
  • What Shall We Do with the Boo-Hoo Baby
  • There's No Such Thing as a Ghostie!
  • Daddy on the moon
  • Hiccup the Seasick Viking
  • How to Train Your Viking, by Toothless the Dragon (2006)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «F.A.Q.s - Cressida Cowell – Quick Facts». Cressidda Cowell - Official Website. Arkivert frå originalen 10. oktober 2014. Henta 4. april 2012. 
  2. "Children's author Cressida Cowell scoops philosophers' award for fight against stupidity". The Guardian. Henta 15. juni 2017
  3. http://www.neallayton.co.uk/
  4. «Archived copy». Arkivert frå originalen 21 December 2013. Henta 21. juli 2013. 
  5. "Secret Scottish isle inspired dragon tales" BBC News, 30 March 2010
  6. «Cressida Cowell». DavidHigham.Co.UK. Arkivert frå originalen 6. januar 2010. 
  7. Official website – About me, arkivert frå originalen 2. april 2010, henta 18. februar 2019 
  8. http://www.booktrust.org.uk/prizes-and-awards/13/2006
  9. «Blue Peter Book Awards 2018». www.booktrust.org.uk. Henta 29 July 2018.