Crest of a Knave

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crest of a Knave
Studioalbum av Jethro Tull
Utgjeve 11. september 1987
Innspelt Tidleg 1987
Sjanger Hardrock
Progressiv rock
Lengd 48:50
Selskap Chrysalis
Produsent Jethro Tull
Kritikk
Jethro Tull-kronologi
Original Masters
(1985)
Crest of a Knave 20 Years of Jethro Tull
(1988)


Crest of a Knave er det 16. studioalbumet til det engelske rockebandet Jethro Tull, gjeve ut i 1987.

Albumet er meir basert på den elektriske gitaren til Martin Barre enn det bandet hadde vore sidan 1970-åra. På fleire av songane vert det derimot framleis nytta trommemaskin i staden for akustiske trommer. Klaverspelar Peter-John Vettese var ikkje lenger med og det var Ian Anderson som gjorde synth-programmeringa. På plateomslaget er det berre Ian Anderson, Martin Barre og Dave Pegg som står oppført som offisielle bandmedlemmar. Plateomslaget vart designa av kunstnaren Andrew Stewart Jamieson.

Albumet fekk god kritikk då det kom og selde godt. Det vann Grammyprisen i kategorien «beste hardrock/heavy metal», og slo førehandsfavoritten ...And Justice for All av Metallica og kritikarvalet Nothing's Shocking av Jane's Addiction. Prisen var særs kontroversiell sidan mange ikkje rekna verken albumet eller bandet som hardrock eller heavy metal. Etter råd frå manageren deira var det ingen frå bandet som møtte opp under prisutdelinga, sidan dei vart fortalt at dei ikkje kom til å ha ein sjanse til å vinne. Som svar på kontroversen sette plateselskapet deira, Chrysalis Records, inn ei annonse i eit britisk musikkmagasin med teksten «The flute is a heavy, metal instrument». I 2007 vart denne sigeren kåra til ein av dei 10 største skandalane i Grammy-historia av Entertainment Weekly.[3]

Stilen på Crest of a Knave har vorte samanlikna med Dire Straits, delvis fordi Anderson ikkje lenger hadde den same spennvidda i stemma si, som følgje av ein halsoperasjon. Albumet inneheld songen «Budapest», som vart populær på konsertane til bandet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson

# Tittel Lengd
1. «Steel Monkey»   3:39
2. «Farm on the Freeway»   6:31
3. «Jump Start»   4:55
4. «Said She Was a Dancer»   3:43
5. «Dogs in the Midwinter»   4:29 ^
6. «Budapest»   10:05
7. «Mountain Men»   6:20
8. «The Waking Edge»   4:49 ^
9. «Raising Steam»   4:05
Bonusspor på 2005-utgåva
# Tittel Lengd
10. «Part of the Machine»   4:05

Den originale vinylutgåva hadde ikkje med songane «Dogs in the Midwinter» og «The Waking Edge». Elles var rekkefølgja på songane den same.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Ian Anderson - vokal, fløyte, akustisk og elektrisk gitar, perkusjon, tangentinstrument, trommeprogrammering på spora 1, 5, 9. Synclavier
  • Martin Barre - elektrisk og akustisk gitar
  • Dave Pegg - bassgitar, akustisk bass på spor 4
  • Doane Perry - trommer på spor 2, 7
  • Gerry Conway - trommer på spor 3, 4, 6, 8

Gjestemusikar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. George Starostin review
  3. «Grammy's 10 Biggest Upsets» (http). EW.com. 2007. http://www.ew.com/ew/gallery/0,,1567466_20010834_20010795_0,00.html. Henta 15. september 2012 February 13, 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]