Hopp til innhald

Crișul Alb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crișul Alb
elv
Land  Romania,  Ungarn
Lengd 235 km
Middelvassføring 1,1 /s
Kjelde Apusenifjella
Munning Körös
Kart
Crișul Alb
46°42′01″N 21°16′09″E / 46.700277777778°N 21.269166666667°E / 46.700277777778; 21.269166666667
Wikimedia Commons: Crișul Alb

Crișul Alb (på rumensk) eller Fehér-Körös (på ungarsk) er ei elv vest i Romania (Transylvania) og søraust i Ungarn (Békés fylke). Ho har utspring sør i Apusenifjella. Elva renn gjennom byane Brad, Ineu, Chișineu Criș i Romania, og Gyula i Ungarn. Ho kryssar grensa til Ungarn og skiftar namn til Fehér-Körös, der ho møter Fekete-Körös eit par kilometer nord for Gyula. I lag dannar dei Körös.