Crichton-Vulcan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crichton-Vulcan

BransjeSkipsbygging
LandFinland
Austsida av Wärtsilä Crichton-Vulcan i 1958.

Crichton-Vulcan er eit tidlegare skipsverft i Åbo i Finland, som ein gong danna hjørnesteinen i finsk skipsverftsindustri. Skipsverftet er mest kjend for kystvaktskipa og ubåtane som vart produserte der for andre verdskrigen.

Det vart til då to verft vart slått saman i 1924, AB Crichton på vestsida av Aura å og AB Vulcan på austsida.

Skipsbygginga på verftet dabba gradvis av etter 1976, etter at eit nytt verft vart bygd i forstaden Perno. Det siste skipet som vart bygd frå byrjinga til slutt på verftet var MS «Rosella» som vart levert i 1979.

Det gamle verftet vart overteken av Turku Repair Yard og brukt til skipsreparasjonar fram til 2004, då dette òg flytta til den nærliggande byen Naantali. Skipsverftet på Auraelva i Åbo låg så brakt ei stund og vart utsett for vandalisme.[1] Staden vert i dag omgjort til eit finare bustadstrøk. Nedrivingan av dei gamle bygningane byrja i 2011.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Crichton-Vulcan

60°26′04″N 22°14′00″E / 60.4345°N 22.2334°E / 60.4345; 22.2334