Crises av Mike Oldfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crises
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 27. mai 1983
Innspelt November 1982 til april 1983
Studio Tilehouse Studios i Denham i Buckinghamshire
Sjanger Progressiv rock, poprock
Lengd 37:41
Selskap Virgin
Produsent
Mike Oldfield-kronologi
Five Miles Out
(1982)
Crises Discovery
(1984)


Singlar frå Crises
  1. «Mistake»
    Utgjeve: 20. august 1982
  2. «Moonlight Shadow»
    Utgjeve: 6. mai 1983
  3. «Shadow on the Wall»
    Utgjeve: September 1983
  4. «In High Places»
    Utgjeve: 7. september 1987
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Crises er det åttande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 27. mai 1983 på Virgin Records. Det heldt fram den musikalske retninga Oldfield hadde starta på det førre albumet, Five Miles Out (1982), med meir radiovenlege rock- og popsongar. Albumet inneheld hitsinglane «Moonlight Shadow» med Maggie Reilly på solovokal og «Shadow on the Wall», sungen av Roger Chapman. Oldfield marknadsførte albumet med ein turné i Europa i 1983, med dei fleste musikarane frå albumet.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I 1980-åra skifta Oldfield musikalsk retning frå dei lange komposisjonane han var blitt kjend for i 1970-åra, mot kortare og meir radiovenlege rock- og popsongar. Då han var ferdig med verdsturneen sin i desember 1982, hadde Oldfield alt byrja på ein oppfølgjar til Five Miles Out.[2]Crises utforskar Oldfield heavy metal-element, som han var blitt fan av på den tida og likte og spele. Oldfield skildra side ein som materiale han hadde ønskt å skrive og framføre «fordi han hadde lyst», medan side to er «særs kommersiell, full av singlar». Han la til: «Då vert alle nøgde.»[2]

Albumet vart spelt inn frå november 1982 til april 1983 i Tilehouse Studios i Denham i Buckinghamshire. Oldfield vart spurt i eit intervju om korleis han fekk Chapman og Jon Anderson med på plata, og han sa «me berre hang i same baren». Singelen «Moonlight Shadow» frå dette albumet inkluderer det sjeldne sporet «Rite of Man». Den nordamerikanske utgåva av albumet har ei anna rekkjefølgje på songane og inkluderer singelen «Mistake».

Songar[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Tittelsporet på albumet er eit tjue minuttar langt stykke, med noko vokal sungen av Oldfield. Byrjinga og slutten av sporet er driven av ein synthesizer solo, stilmessig liknande opningstemaet på Tubular Bells.[2]

Side to[endre | endre wikiteksten]

Den massive hitten «Moonlight Shadow» er sungen av Maggie Reilly, som òg song og var medlåtskrivar på «Foreign Affair». «In High Places» har tekst av Mike Oldfield og Jon Anderson. «Shadow on the Wall» vart sungen av Roger Chapman. Albumet inneheld «Taurus 3», eit kort, kjapt gitarstykke som ikkje liknar på dei to lange «Taurus»-spora på QE2 og Five Miles Out.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mike Oldfield, utanom der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Crises»20:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
2.«Moonlight Shadow» (vokal av Maggie Reilly) 3:34
3.«In High Places» (vokal av Jon Anderson) 3:33
4.«Foreign Affair» (vokal av Maggie Reilly)Oldfield, Maggie Reilly3:53
5.«Taurus 3» 2:25
6.«Shadow on the Wall» (vokal av Roger Chapman) 3:09

Mercury Records-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Crises kom ut på Mercury Records den 2. september 2013. Plata kom i fleire variantar som ein enkel CD og ein dobbel luksusutgåve med konsertopptak på plate to, ei vinylplate og ein boks på fem plater med tre CD-plater og to DVD-ar. Boksen kom òg med ei 32 sider lang bok. Denne utgåva nådde 30. plassen i Tyskland i september 2013.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

2013-utgåva - Plate 1
Nr.TittelLengd
1.«Crises»20:57
2.«Moonlight Shadow»3:38
3.«In High Places»3:33
4.«Foreign Affair»3:53
5.«Taurus 3»2:25
6.«Shadow on the Wall»3:10
7.«Moonlight Shadow» (Unplugged miks)3:35
8.«Shadow on the Wall» (Unplugged miks)3:21
9.«Mistake»2:56
10.«Crime of Passion» (forlenga versjon)4:10
11.«Jungle Gardenia»2:46
12.«Moonlight Shadow» (12"-versjon)5:15
13.«Shadow on the Wall» (12"-versjon)5:09
2013-utgåva - Plate 2 - Høgdepunkt frå Wembley Arena 22. juli 1983
Nr.TittelLengd
1.«Taurus I»9:14
2.«Taurus II»23:08
3.«Crises»23:15
4.«Moonlight Shadow»5:28
5.«Shadow on the Wall»6:26
6.«Family Man»4:14
30-årsjubileumsutgåva - Plate 2 - Wembley Arena 22. juli 1983
Nr.TittelLengd
1.«Woodhenge / Incantations Part Three»8:09
2.«Sheba»3:23
3.«Ommadawn Part One»8:52
4.«Mount Teidi»4:10
5.«Five Miles Out»5:03
6.«Tubular Bells Part One»18:44

Plate tre av 30-årsjubileumsutgåva er same som plate 2 av luksusutgåva.

30-årsjubileumsutgåva - Plate 4 - DVD
Nr.TittelLengd
1.«Crises» (Live at Wembley Arena)22:35
2.«Tubular Bells Part One» (Live at Wembley Arena)19:10
3.«Moonlight Shadow»3:42
4.«Shadow on the Wall»3:08
5.«Moonlight Shadow» (BBC Top of the Pops 23. juni 1983)3:15
6.«Crime of Passion»3:42
30-årsjubileumsutgåva - DVD - 5.1-kringlydmiks
Nr.TittelLengd
1.«Crises»20:38
2.«Moonlight Shadow»4:00
3.«In High Places»3:53
4.«Foreign Affair»4:13
5.«Taurus 3»2:50
6.«Shadow on the Wall»5:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Albumet låg 19 veker på den norske VG-lista, og to av dei på toppen av lista. Det vart det bestseljande albumet til Oldfield der. Albumet toppa òg listene i Tyskland og Sverige.

Liste
(1983)
Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 17
Austerrikske album (Ö3 Austria)[4] 2
Nederlandske album (MegaCharts)[5] 2
Tyske album (Media Control)[6] 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[7] 6
Norske album (VG-lista)[8] 1
Spanske album (PROMUSICAE)[9] 39
Svenske album (Sverigetopplistan)[10] 1
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[11] 5
Britiske album (OCC)[12] 6

Salslister 2013-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Liste
(2013)
Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[4] 73
Franske album (SNEP)[13] 144
Tyske album (Media Control)[6] 20
Spanske album (PROMUSICAE)[9] 39
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[11] 87
Britiske album (OCC)[14] 71

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[15] Gull 100 000*
Nederland (NVPI)[16] Gull 50 000^
Tyskland (BVMI)[17] Platina 500 000^
Spania(PROMUSICAE)[18] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[19] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire av songane på Crises er blitt spelt mange gonger, med «Moonlight Shadow» som den mest populære. Dance-gruppa Groove Coverage spelte ein versjon av «Moonlight Shadow» som nådde tredjeplassen på den tyske singellista. Ein versjon av «Foreign Affair» frå 2009 av det belgiske dance-bandet Sylver låg åtte veker på topp 10 på den belgiske singellista og nådde tredjeplassen.[20]

Den amerikanske rapperen Kanye West sampla Oldfield-songen «In High Places». West brukte refrenget av songen på songen sin «Dark Fantasy» i 2010 på albumet My Beautiful Dark Twisted Fantasy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Crises av Mike OldfieldAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 «Mike Oldfield - ten years of success». May 1983. Henta 25. juni 2020 – via Tubular.net. 
  3. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 Singles 1983». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020. 
  4. 4,0 4,1 "Mike Oldfield - Crises" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  5. "Mike Oldfield – Crises". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  6. 6,0 6,1 "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 30. juni 2020.
  7. "Mike Oldfield – Crises". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  8. "Mike Oldfield – Crises". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  9. 9,0 9,1 "Mike Oldfield – Crises". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  10. "Mike Oldfield – Crises". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  11. 11,0 11,1 "Mike Oldfield – Crises". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  12. juli 1983 "2. juli 1983 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 30. juni 2020.
  13. "Mike Oldfield – Crises". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 30. juni 2020.
  14. juli 1983 "2. juli 1983 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 14. september 2013.
  15. «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 30. juni 2020.  (select «Mike Oldfield» from drop-down list)
  16. «Dutch album salstrofé – Mike Oldfield – Crises» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 30. juni 2020. 
  17. «Gold-/Platin-Datenbank (Mike Oldfield; 'Crises')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 30. juni 2020. 
  18. Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990 (på spansk), Iberautor Promociones Culturales, ISBN 8480486392, henta 30. juni 2020 
  19. «British album salstrofé – Mike Oldfield – Crises». British Phonographic Industry. Henta 30. juni 2020.  Enter Crises in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  20. «Sylver – «Foreign Affair»». Ultratop. Henta 30. juni 2020.