Crispinus og Crispinianus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crispinus og Crispinianus
Crépin et Crépinien (Kalkar).jpeg
Daud286
Helgendag25. oktober

Crispinus og Crispinianus (dei latinske namna, på fransk, Crépin og Crépinien, på engelsk, Crispin og Crispinian) er to kristne helgenar frå 200-talet som vert feira av katolikkar og ortodokse 25. oktober. Dei er berre kjente frå legendene om dei, og skal ha vore brør i ein velståande familie i Roma, men måtte flykte derfrå av di dei var kristne. Ifylgje franske legender levde og arbeida dei som skomakarar i Soissons i Frankrike, der dei lagde skotøy for dei fattige utan å take seg betalt, og for dei rike som sette pris på produkta deira.

Ei framstilling frå 1540-1560-talet i kyrkja Saint-Pantaléon i Troyes synar arrestasjonen av helgane Crépin og Crépinien.

Dei vart arresterte av di dei forkynte kristendomen, og teke av dage i 285 eller 286 på ordre av keisar Maximianus (medkeisar i Romarriket frå 286 til 305 under keisar Diokletian) då dei ikkje ville gå med på kravet hans om å seie frå seg den kristne trua. Keisaren let då den mest brutale bøddelen sin, Rictiovarus, torturere og drepe dei på mange slags vis, men han lukkast ikkje før dei hadde synt sin heilage status ved å overleve fleire av drapsforsøka, mellom anna å flyte på vatnet med ein møllestein festa til kroppen. Som helgenatributt og symbol på sitt martyrium i bilete og skulpturar har dei sverd, palme og ein møllestein, som var dei gjenstandane Rictiovarus nytta seg av for å pine og drepe dei. Dei vert dessutan synte med sko eller diverse skomakarreiskap som kjenneteikn på yrket dei hadde.

Legender med ulike opplysningar om heilage menns bustad og andre detaljar om livet deira er ikkje uvanlege, og ifylgje engelske legender skal dei ha levd i grevskapet Kent i England. Den engelske diktaren William Shakespeare nemner dei i to av skodespela sine, Julius Caesar og Henry V.

I og med at dei arbeida som skomakarar, har dei vorte skomakarane sine vernehelgenar, og med det òg vernehelgenar for dei som arbeida med å preparere lêr og lage lêrvarer. Dei vart òg vernehelgenar for veverar.

Fleire kyrkjer i Frankrike har namn etter desse to helgenane, og i mange franske byar finst gater oppkalla etter dei.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]