Crnoljeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crnoljeva
fjell
Kosovo-Street M9 (2).JPG
Land Flag of Kosovo.svg Kosovo
Høgd 1 177 moh.
Koordinatar 42°27′N 20°53′EKoordinatar: 42°27′N 20°53′E

Crnoljeva (serbisk Црнољева; albansk Carralevë eller Mali i Carralevës) er eit fjell sentralt i Kosovo som deler dei to geografiske regionane Kosovosletta og Metohija. Crnoljeva er òg eit punkt der dei tre nedslagsfelta i Serbia møter kvarandre (og tre av fire på Balkan), noko som gjer fjellet til eit stort hydrografisk knutepunkt. På albansk er fjellet kalla opp etter landsbyen Carraleva.

Crnoljeva ligg sør i sentrale område av Kosovo, mellom dalane til elvane Drenica (i aust) og Miruša og Topluga (i vest). Fjellet strekkjer seg frå nord tils ør og deler Prizren-senkinga i Metohija frå Drenica-regionen på Kosovosletta. Den høgaste toppen er Topila på 1177 meter over havet, medan Drmanska glava (926 moh) utgjer det hydrografiske knutepunktet. Ein annan fjelltopp er Korenik (1142 m).

Crnoljeva er rik på malm, hovudsakleg krom, magnesitt og kol. Midt over fjellet kryssar vegen Uroševac-Prizren.

Av elvar som spring ut frå fjellet finn ein:

Større busetnader rundt Crnoljeva er Štimlje (aust), Suva Reka, Blace, Banja, Mališevo (vest), Lapušnik, Komorane (nord) og Carraleva (aust).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]